STUDENTAR GJENNOMFØRTE LOKALSAMFUNNSANALYSE
For to veker sidan gjennomførte studentar ved første året på Bachelor i Planlegging og administrasjon og Årsstudium i Samfunnsvitskap lokalsamfunnsanalyse i Hornindal og Stryn kommunar. Frå måndag til torsdag hadde studentane eit eige feltopphald, med tilhøyrande datainnsamling.
FRÅFLYTTING AV UNGDOM
Ida Haug Theodorsen var i ei gruppe på fem studentar som jobba med den sjølvvalde problematikken kring fråflytting av ungdom. Som ein del av problemstillinga såg dei også på universell utforming av skulebygg. I tillegg såg dei på konsekvensane av nedlegging av ein av dei to ungdomsskulane i Styn kommune, Olden ungdomsskule. Sistnemnte ville føre til at nokre av elevane fekk opp til 50 minuttar i buss til skulen kvar veg.
For å undersøke problemstillingane hadde gruppa ute anonyme spørjeundersøkingar i to klasser på tiande klassetrinn, ei på Stryn ungdomsskule og ei på Olden ungdomsskule. Dei fann ut at det elevane rekna som avgjerande fraktorar i forhold til framtidig bustad var jobbtilbod, ektefelle og familie. Trass at mange ønskjer seg til urbane miljø etter endt studie, gjeld det ikkje alle. Dei som ikkje ønska å ta høgre utdanning ville i større grad bli verande i kommunen. Theodorsen understrekar at dette ikkje er definitive resultat, men det dei ser i to klassar i kommunen.
ALLSIDIG BACHELOR
Theodorsen går på Bachelor i Planlegging og administrasjon første året. Ho synest det er veldig fint å få prøvd ut ein av mogelegheitene ein har med bacheloren, nemleg å forske på trendar. Med innpass av 60 studiepoeng i Matkultur og helse frå hennar første år i Volda skal ho no byrje rett på tredje året etter sommarferien. Ho er nøgd med studievalet sidan det er relevant i eit vidt spekter av stillingar.
─ Det er nok val av mastergrad som kjem til å snevre inn utdanninga, og kva jobb eg ser for meg etter studie. Det har eg heldigvis heile neste år å tenkje på, seier ho smilande.