Ulike fagfelt – lik mastergradsutdanning
Mastergradsstudiet i helse- og sosialfag – meistring og myndiggjering siktar mot å styrkje helse- og sosialarbeidarane sin kompetanse i arbeid retta mot einskildpersonar, familiar og grupper. Dei fire studentane har valt problemstilling ut frå eige fagfelt. Dei er samde om at det er motiverande å skrive om noko som er til nytte for andre i ein samfunnsmessig dimensjon.
F.v: Kristoffer Ciemski, Gerd Skjong, Inger Hilde Hagen og Lars Andre Olsen.
Sosialarbeidarrolla i NAV
Gerd Skjong, tilsett ved Institutt for sosialfag ved Høgskulen i Volda, har skrive om sosialarbeidarrolla i NAV-kontor.
– Det er ikkje skrive mykje om sosialarbeidarrolla i NAV så eg håper at oppgåva har nyhendeverdi. Med den nye NAV-reforma får ikkje sosialarbeidarane gjere det dei skal. Tida går med til statlige oppgåver medan det sosialfaglege ikkje vert utført. Sosialarbeidarane har på mange måtar har fått ei funksjonærrolle.
Gerd Skjong har vore innom fire NAV-kontor, og i oppgåva peikar ho på ein tendens.
– Sosialarbeidarane treng støtte til å påverke og synleggjere situasjonen. Det er brukarane som ikkje får gode nok sosiale tenester, seier ho.
Eldre og legemiddelbruk i kvardagen
Lars Andre Olsen, tilsett ved sjukepleiarutdanninga på Høgskolen i Ålesund, har skrive om eldre og legemiddelbruk i kvardagen. Han seier at oppgåva er viktig i jobbsamanheng.
– Eg har sett på ti eldre personar og deira legemiddelbruk. Antall eldre aukar, fleire eldre vert buande heime og statistikk viser at dei over 65 år står for halvparten av legemiddelbruken i Noreg. Eg analyserte opplysningane i forhold til samarbeid med helsepersonell og effektane i kva enkelt sin kvardag. Kva har det å seie for den sosiale kontakta? Korleis meistrar han/ho utfordringane legemiddelet gir? Korleis taklar han/ho utfordringane?
Ungdom og depresjon
Kristoffer Ciemski, tilsett ved ein ungdomsinstitusjon, har skrive om ungdom og depresjon og kva faktorar som har mest å seie for depresjon.
– Eg hadde eit ønskje om å bryte opp tabuområde rundt depresjon blant unge. Eg nytta kvantitative data om trivsel på skulen, og noko av det eg kom fram til er at skulen er den faktoren som har mest å seie for depresjon saman med opplevinga av meistring. Det er ein tankevekkar for mange av oss, fortel han.
Overgangen til å vere foreldre
Inger Hilde Hagen, intensivsjukepleiar ved Neonatal intensiv avdeling på Ålesund sjukehus, har skrive om foreldre til premature barn og korleis dei opplever tida rundt fødselen.
– Eg intervjua åtte foreldrepar (16 intervju) om korleis dei har meistra kvardagen rundt det å opphalde seg på ei neonatal avdeling. Korleis vere i den verda på godt og vondt, invadert av eigne forventningar til korleis utføre foreldrerolla, forventningar til helsepersonell og familie/venner rundt. Eg nytta denne informasjonen saman med meistring/livsløpsteori. Det å vere foreldre er ein stor overgang i livet, avsluttar ho.
Dei fire studentane har ei spennande tid i møte. Det er opp til kvar enkelt kandidat å allmenngjere funna og dei er samde om at det er viktige perspektiv som er blitt presentert.
Les meir om mastergradsstudiet her.