Kroatiske animasjonsstudentar søkjer norskfadrar

- Vi har eit lite introduksjonskurs i norsk, men no ønskjer vi å læra meir, strålar Ivana Bisnjak (t.v.) og Lea Vidakovic. Dei har vore animasjonsstudentar ved Høgskulen i Volda sidan 2007, og skal vere her fram til 2009. - Dersom nokon i Volda eller omegn har lyst til å vere fadrar og lære oss norsk blir vi veldig glade, seier dei.

- Sidan det ikkje finst eit tilbod til studentar om norskopplæring er vi på jakt etter nokon i Volda og omegn som kan tenke seg å læra oss norsk.  animasjonsstudentar.jpg

animasjonsstudentar525

- Vi er topp motiverte, fordi vi har erfart at skal ein bli skikkeleg kjent med voldingar og integrert i det norske samfunnet så må ein kunne norsk, smiler dei.
- Spørsmålet går derfor ut til lærarar og studentar og folk i lokalsamfunnet: Er det nokon der ute som kunne tenke seg å bli kjent med to hyggelege kroatiske studentar og samstundes lære dei å prate norsk?

Ta gjerne kontakt med Internasjonalt kontor.

Del på: