Fjordantologien 2020 «Digital samhandling», ei samling artiklar om digitalisering og samfunnsendringar, er eit resultat av Fjordkonferansen 2019.Redaktørar er Lars Julius Halvorsen, Ivar John Erdal, Wenke Mork Rogne og Roar Stokken ved Høgskulen i Volda.
Kyrkjefag Profil er ei vitskapleg skriftserie frå Institutt for Religion, livssyn og kyrkjefag ved Høgskulen i Volda. «Tru på Vestlandet» og «NLA Høgskolen: Fagutvikling og sjølvforståing på kristen grunn» er to nye bøker i serien.
Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) har akkreditert Høgskulen i Voldas plan for ein ny master i barnehagelærarutdanning. Dosent Bente Vatne ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning har koordinert søknadsarbeidet.
Høgskulen i Volda lyser no ut ledige studieplassar i Kompetanse for kvalitet. – Dette er gratis vidareutdanningstilbod for utdanna lærarar men utan stipend eller vikarstøtte gjennom Utdanningsdirektoratet, seier seniorrådgjevar Ole Frank Bakken.
I 67 barnehagar på Sunnmøre arbeidde det i fjor tilsette i barnehagelærarstillingar som ikkje har utdanninga og den pedagogiske kompetansen som lova krev. Ved Høgskulen i Volda håpar ein at høge søkartal til barnehagelærarutdanninga kan hjelpe på situasjonen.
Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) vil vere ein bærebjelke i utdanning av lærarar også i framtida, meiner seniorrådgivarar i Kunnskapsdepartementet og Ragnhild Lied som gjennom Lied-utvalet har sett på behova ein har i den vidaregåande skulen.
I åra som kjem treng Noreg fleire tusen nye lærarar. Som lærar er du sikra jobb. Lærarstudentane Synnøve Olsen Tangen og Iselin Mari Brunvoll besøkte tidlegare i mars elevar i ei rekkje vidaregåande skular og folkehøgskular for å fortelje om lærarutdanningane i Volda og kvifor dei har valt å satse på læraryrket.