Kan du kome inn på PPU?

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Lyst til å bli lærar, men usikker på om du er kvalifisert til å ta praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)? Her får du svaret på kva som krevst. 

PPU er ei lærarutdanning for deg som har ei utdanning frå før, og som treng pedagogisk kompetanse for å kunne undervise elevar i det faget du har utdanning i. PPU er delt i to studieretningar: PPU for allmennfag, som Høgskulen i Volda tilbyr både som heiltids- og deltidsutdanning, og PPU for yrkesfag.

Med PPU kvalifiserer ein til å bli lærar for 5.–10. årssteg i grunnskulen og vidaregåande skule.

HUGS SØKNADSFRIST 15. APRIL!

Les også: Gjer PPU meir fleksibelt og tilgjengeleg.

PPU allmennfag

PPU allmennfag er for dei med kompetanse i faga norsk, musikk, samfunnsfag, framandspråk, religion, livssyn og etikk, naturfag, matematikk, drama, kroppsøving, mediefag og kunst og handverk.

Opptakskrav for PPU allmennfag:
•    Fullført mastergrad som inneheld minst eitt relevant fag som gir kompetanse til å undervise,  jf. forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova kapittel 14.

Eller

•    Bachelorgrad med inntil tre fag som gir kompetanse til å undervise i praktiske og/eller estetiske fag i grunnskule. Eitt av faga kan erstattast av drama/teaterfag. Det må inngå fordjuping på minst 120 studiepoeng i eit fag. Øvrige fag må ha eit omfang på minst 30 studiepoeng. Det stilles krav om gjennomsnittskarakter C eller betre frå bachelorgraden. For HVO sine bachelorprogram vil dette gjelde bachelorgrad i Design, kunst og handverk, Idrett og kroppsøving, Teater og drama og Musikk.
Les meir om PPU allmennfag, heiltid og deltid og søk før 15. april.

Les også: Liv Berit tar PPU med bachelorgrad
 

PPU yrkesfag

PPU yrkesfag er aktuelt for deg som har fullført treårig profesjonsretta universitets- eller høgskuleutdanning (eks. sjukepleiar eller ingeniør), og minst to år med relevant praksis etter fullført utdanning. Profesjonsretta utdanning er i denne samanhengen utdanning som kvalifiserer for undervisning på yrkesfaglege studieretningar på vidaregåande opplæring. 
PPU Yrkesfag er også for dei med fagbrev eller annan fullført yrkesutdanning på vidaregåande nivå. Det er krav om generell studiekompetanse, to år med yrkesteoretisk utdanning og minst fire år med relevant praksis - inntil to års læretid vert rekna som ein del av relevant praksis.
Les meir om PPU yrkesfag og søk før 15. april her.

 

Har du fleire spørsmål? Her har vi ei side med spørsmål og svar om PPU.

Ved spørsmål om opptak til PPU, ta kontakt på e-post [email protected] eller telefon 70 07 50 18.
 

Del på