– Får gode lærarar ut av PPU

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) vil vere ein bærebjelke i utdanning av lærarar også i framtida, meiner seniorrådgivarar i Kunnskapsdepartementet og Ragnhild Lied som gjennom Lied-utvalet har sett på behova ein har i den vidaregåande skulen.

Dette ga dei uttrykk for under den nasjonale PPU-konferansen som vart halden ved Høgskulen i Volda (HVO) for første gang. 9. og 10. mars har om lag 70 deltakarar frå heile landet som til dagleg arbeider med PPU ved høgskular og universitet, i tillegg til nokre lærarar frå vidaregåande skular, vore samla.

– Dette er ei årleg hending og vi er glad for at det er vi i Volda som no fekk æra av å vere vertskap. Konferansen er eit glimrande samlingspunkt for oss som arbeider med PPU, både fagleg og administrativt. Det igjen fører til samarbeid og idéutveksling som skal vere med på å auke kvaliteten på PPU landet over. I så måte er denne konferansen svært viktig for utviklinga av nokre av dei framtidige lærarane, seier Bjørnar Sæterås, studieleiar for PPU ved HVO.

Les meir om PPU ved Høgskulen i Volda og søk studieplass før 15. april.

Bjørnar Sæterås
Bjørnar Sæterås, studieleiar for PPU ved HVO.

Interesse gir gode lærarar

Tidleg i konferansen overlet han ordet til Ragnhild Lied, som var tilbake på heimebane i Volda og til dagleg er leiar i Unio. Utvalet som ber etternamnet hennar leverte i desember 2019 ei innstilling som har sett på styrker og svakheiter i den vidaregåande skulen, og forslag til endringar i struktur, organisering og fagsamansetting i framtidas vidaregåande skule.
Lied peika mellom anna på vidaregåande skular sitt behov for lærarar med mastergrad i programfaga på dei studieforbredande utdanningsprogramma.

– PPU på toppen av disiplinfag er topp. Ein som begynner å studere fag fordi vedkommande har stor interesse for faget og så tar PPU opp på der – ja, slike blir det gode lærarar av, meiner Lied.

Ho la også vekt på at dei studieførebuande programma må utviklast saman med blant anna universitet- og høgskulesektoren, for at vidaregåande elevar skal vere godt skodd for dei krav som ventar som student.

Vil mangle 6400 lærarar

Kunnskapsdepartementet var representert ved seniorrådgivarane Ellen Birgitte Levy og Annbjørg Rimeslåtten under konferansen. Dei snakka både om krav, forventningar og moglegheiter for lærarutdanningar og PPU spesielt.

– Regjeringa har satsa på PPU dei siste åra og det er gode stipendordningar for denne utdanninga. Då er forventningane at kvaliteten også skal vere god, på lik linje med ordinær lærarutdanning, sa seniorrådgivarane.

Birgitte Levy og Annbjørg Rimeslåtten
Ellen Birgitte Levy (t.v.) og Annbjørg Rimeslåtten, seniorrådgivarar i Kunnskapsdepartementet.

Rimeslåtten poengterte at framskrivingar dei brukar, viser at slik situasjonen er i dag vil det i 2040 mangle 6400 lærarar i grunnskulen. Samstundes fyller i dag ukvalifiserte lærarar 4,2 prosent av lærarårsverka i skulen.

– PPU vil spele viktig rolle

Duoen frå Kunnskapsdepartementet rosa tiltaket med ein årleg PPU-konferanse, eit godt tiltak for å tilfredsstille politikarane sitt ønske om enda betre kvalitet i denne utdanninga. For ifølge Levy og Rimeslåtten skal PPU ha livets rett også i åra framover.

– PPU skal spele ein viktig rolle i utdanninga av nye lærarar i framtida. PPU er og vil framleis vere ein av dei viktigaste vegane til å bli lærar. Ein tredel av dei som møter til skuleretta utdanning i dag er tross alt ein PPU-student, slo Levy fast.

Ho og kollegaen oppmoda samstundes tilhøyrarane til å tenke nytt når dei skal løfte PPU til nye høgder i framtida: – Forskriftene som dykk får frå oss er overordna. Men retningslinene eigast av dykk ved universiteta og høgskulane, og dei er det opp til dykk å endre og tilpasse. Ver kreative og innovative og utvikle PPU vidare.

Mange viktige tema

Konferansedeltakarane fekk også høyre innlegg om koherens og kopling til praksis i lærarutdanning - komparative og internasjonale perspektiv, vurdering - underveisvurdering og sluttvurdering, digital kompetanse i lærarutdanning - eit møte med Læringsverkstaden ved HVO, rekruttering til lærarutdanning og høgskular si regionale betydning for utdanning og kompetanse, nynorsk i opplæringa, praktisk-estetiske fag i PPU, vurdering av profesjonskompetanse og arbeidet i dei nasjonale faggruppene og status rundt nasjonale retningslinjer.
 

Del på