Ny master i barnehagekunnskap
Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) har akkreditert Høgskulen i Voldas plan for ein ny master i barnehagelærarutdanning. Dosent Bente Vatne ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning har koordinert søknadsarbeidet. Dei første studentane kan kanskje ta til alt hausten 2020.
– Målgruppa for studiet er barnehagelærarar, men også grunnskulelærarar, faglærarar med PPU med relevant fagkrets og barnevernspedagogar kan søkje om opptak, fortel dosent Bente Vatne.
Master i barnehagekunnskap - ei heilskapleg tilnærming til barnehagens læringsmiljø
Studiet inneheld fire emne i tillegg til vitskapsteori og metode, og masteroppgåva. Emna er Barnehagelærarrolla i eit profesjonsperspektiv, Barnehagen som lærande organisasjon, Barnehagens læringsmiljø og Utforsking i barnehage og nærmiljø.Utdanninga vektlegg perspektiv både på samfunnet, profesjonen og barna, og dei samarbeidande faga er pedagogikk, realfag og norsk.
Bente Vatne har leia arbeidet med utviklinga av det nye mastergradsstudiet og har samarbeidd med professor Peder Haug, førstelektor Anne Øie og førsteamanuensis /instituttleiar Torhild Høydalsvik.
Andre medarbeidarar er prodekan Silje Ims Lied, førsteamanuensis Gerd Sylvi Steinnes, førsteamanuensis Erik Fooladi og førsteamanuensis Liv Ingrid Håberg.
– Vi er jublande glade for at utdanninga no er akkreditert, seier Vatne.
Viktig for regionen
Det nye tilbodet vart sist fredag feira Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning det nye studietilbodet med kake i kantina i Berte kAnutte-huset.
– Denne mastergraden vil bety mykje for fagmiljøet her på høgskulen, for regionen og barnehagesektoren, sa dekan Arne Myklebust og roste alle som har vore med å jobbe fram søknaden til NOKUT.
– Viktig at vi løftar kompetansenivået i arbeidslivet
Rektor Johann Roppen gratulerte avdelinga på vegner av alle tilsette ved høgskulen og peika mellom anna på at denne masterutdanninga vil gje høgskulen enda meir fleksibilitet og handlingsrom i framtida.
– Akkrediteringa er først og fremst ei fagleg anerkjenning av arbeidet som mange tilsette på AHL og spesielt barnehagelærarutdanninga har gjort med søknaden. Koordinator Bente Vatne fortener særleg ros for å ført prosjektet fram til dette delmålet. Dette viser at vi har eit godt fagmiljø, og at vi ikkje er redd for å utvikle oss vidare, sa rektor Roppen.
Roppen peika på at regionen vår har færre med høgare utdanning samanlikna med andre fylke.
– Når det gjeld andel med masterutdanning så slit vi med å halde tritt med resten av landet. I eit stadig meir kompetansekrevjande arbeidsliv er det viktig at vi løftar kompetansenivået i arbeidslivet. Både på høgskulen og for våre partnarar i regionen: Barnehagar, barnehageeigarar, fylkesmannen og andre aktørar. Så all utvikling av masterutdanningane våre er viktig for oss og for regionen.
No skal høgskulen søkje Kunnskapsdepartementet om få lov til å starte med master i barnehagekunnskap.
– Vi tek sikte på å bruke av dei 100 nye studieplassane som vi fekk tildelt som Korona-tiltak, avslutta rektor Johann Roppen.