Kurs, konferanser og seminar o.l.

  • 50-årsjubileum for kyrkjelege utdanningar i Volda

    Publisert

    Hausten 1971 kom ein i gang med undervisning ved distriktshøgskulen i Volda. Året etter kunne ein lyse ut eit studium i «Organisasjon og velferd, teologisk line». 50-årsjubiléet for dei kyrkjelege utdanningane i Volda vert markert med eit fagleg seminar, jubileumsfest og gudsteneste i samband med Forskingsdagane siste helga i september.

  • Jerevan

    På internasjonal forskarkonferanse

    Publisert

    Stipendiatane Julia Melnikova og Elin Førde ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning var 22. – 25. august på den årlege forskarkonferansen ECER (European Conference on Educational Research) i Jerevan, hovudstaden i Armenia.

  • Ketil Jarl Halse

    Ketil Jarl Halse - ein utdanningsstrateg ser tilbake

    Publisert

    I 2021 vart medieutdanningane i Volda 50 år, og utdanningane har utvikla seg til å bli mellom dei største i landet. Ein sentral studieentreprenør og fagmann bak suksessen er Ketil Jarl Halse. – Eg gler meg til jubileumsfeiringa 22. og 23. april og vonar at mange tidlegare studentar vil kome og gjenopplive minne frå studietida i Volda, seier Halse.

  • ESSSAT

    Call for papers

    Publisert

    European Society for the Study of Science and Theology (ESSSAT) inviterer til konferanse i Ålesund 4. til 8. mai 2022. Tema er «Global Sustainability – Science and Religion in Dialogue». – No inviterer vi forskarar til å sende inn korte skildringar av innlegg som kan leggast fram på konferansen, seier professor Knut-Willy Sæther ved Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag.

  • Nesten 900 på Utdanningsdagane

    Publisert

    Sidan dei første Utdanningsdagane ved Høgskulen i Volda (HVO) for første gong vart arrangert i 2010, har tusenvis av avgangselevar ved vidaregåande skular på Søre Sunnmøre og Nordfjord vore innom høgskulen for å få informasjon om studietilboda ved høgskulen. I år er nær 900 elevar frå 13 skular i regionen påmelde.

  • Call for participants: Master Class on Media and History

    Publisert

    Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda og The International Association for Media and History inviterer til Master Class og eit eige symposium om «Visuals in Protest, Terror, Conflict and War» 13.-14. januar i Volda. – Vi oppfordrar yngre medieforskarar, ph.d.-kandidatar og masterstudentar nasjonalt og internasjonalt til å melde seg på innan 7. november, seier professor Rolf Werenskjold.