Call for papers
European Society for the Study of Science and Theology (ESSSAT) inviterer til konferanse i Ålesund 4. til 8. mai 2022. Tema er «Global Sustainability – Science and Religion in Dialogue». – No inviterer vi forskarar til å sende inn korte skildringar av innlegg som kan leggast fram på konferansen, seier professor Knut-Willy Sæther ved Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag.

Dette er den 19. konferansen ESSSAT arrangerer om tilhøvet mellom vitskap og religion. Årets konferanse skjer i samarbeid med Høgskulen i Volda, Høgskulen i Molde og NTNU Ålesund.
På konferansesida kan ein lese at det vert invitert til korte tverrfaglege artiklar som diskuterer spørsmål om berekraft og korleis religiøs og/eller etisk diskurs, som er en primær verdiressurs i ein kvar kultur, kan bidra til dette. Det er også aktuelt med artiklar om andre aspekt i samspelet mellom naturvitskap, humaniora, samfunnsvitskap og teologi. Frist er 30. november.