Call for participants: Master Class on Media and History

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda  og The International Association for Media and History inviterer til Master Class og eit  eige symposium om «Visuals in Protest, Terror, Conflict and War» 13.-14. januar 2022 i Volda. – Vi oppfordrar yngre medieforskarar, ph.d.-kandidatar og masterstudentar nasjonalt og internasjonalt til å melde seg på innan 7. november, seier professor i medievitskap Rolf Werenskjold.

International Association for Media and History (IAMHIST) er ein vitskapeleg organisasjon som samlar medieforskarar og fagpersonar med interesse for media og historie. IAMHIST vart grunnlagt sommaren 1977 og arrangerer konferansar i Storbritannia, USA og kontinentet Europa. IAMHIST står også bak det anerkjente vitskaplege tidsskriftet Historical Journal of Film, Radio and Television. Professsor Werenskjold er i septemberutgåva 2021 medredaktør for eit spesialnummer om alternativ kultur i austeuropeisk film under den kalde krigen.

Første konferanse i Norden

RW
Professor Rolf Werenskjold.

– Det er første gong IAMHIST arrangerer ein slik konferanse i Norden. Avdeling for mediefag søkte og fekk arrangementet under eit tilsvarande arrangement ved universitetet i Cork i Irland vinteren 2020. Vi skulle eigentleg arrangert konferansen i januar 2021, men den vart grunna av koronasituasjonen utsett. Det faktum at vi fekk arrangementet er ei fjør i hatten til forskingsmiljøet ved Avdeling for mediefag og Høgskulen i Volda. Det er også eit tydeleg signal om den internasjonale organisasjonen IAMHIST ønskjer å trekke til seg norske og nordiske medieforskarar, seier professor Werenskjold.

Call for participants: Master Class on Media and History

Are you a graduate or doctoral student, post-doctoral researcher, or young professional currently working on a project in which you engage issues concerning historical film, radio or television or issues in media history? Are you interested in presenting your project to a small group of experts and peers? Then this master-class of the International Association for Media and History (IAMHIST) may be just what you are looking for. The master class deliberately has a broad scope, including any research in the field of media and history. As this is a pre-conference event for a one-day symposium on ‘visuals in conflict, protest, terror and war’, presentations on this area are particularly welcome.

Symposium

Andre dagen av samlinga i Volda er eit symposium om «Visuals in Protest, Terror, Conflict and War».

– IAMHIST er ein organisasjon som samlar fagfolk frå ei rekkje ulike felt og omfattar nasjonale og internasjonale forskarar, folk frå film- og mediebransjen, bibliotek og filmsamlingar med meir. Dette kjem til uttrykk i talarlista på symposiet der vi finn namn som professorane Hans Fredrik Dahl og Anne Gjelsvik, filmregissør Erik Poppe, musikar og programleiar Thomas Seltzer, Eirik Frisvold Hanssen og Øivind Hanche frå Nasjonalbiblioteket, seier Werenskjold.

Poster IAMHIST
Fotografiet «Student on hunger strike» er eitt av fleire ikoniske bilde den internasjonalt kjende britiske fotografen Stewart Franklin tok på Tiananmen-plassen i Beijing under opprøret i 1989.

Poster

Plakaten som er laga i høve forskarsamlinga i Volda er laga av Thomas Lewe ved Avdeling for mediefag.

– Fotografiet «Student on hunger strike» som er brukt på plakaten, er eitt av fleire ikoniske bilde den internasjonalt kjende britiske fotografen Stewart Franklin tok på Tiananmen-plassen (Den himmelske freds plass) i Beijing under opprøret i 1989. Franklin var inntil nyleg tilset som professor i dokumentarfotografering ved Avdeling for mediefag.

 

Del på