Regjeringa har bedt universitets- og høgskulesektoren om å tilby kompetansehevande studietilbod retta mot permitterte og arbeidsledige våren 2020. – Høgskulen i Volda tilbyr «Personalleiing for mellomleiarar», eit kurs som raskt vart fullteikna med folk frå ei rekkje berørte bedrifter og verksemder, seier kursansvarleg førstelektor Magnar Hjertenæs.
Den verdskjende animasjonsutdanninga ved Høgskulen i Volda vart til etter at Ivo Caprino og andre store animasjonsnavn samla seg i Volda for over 30 år sidan. 17. februar feira ein at Caprino ville ha vore 100 år.
Dei sju kommunane på Søre Sunnmøre, sjukehuset i Volda og Høgskulen i Volda har i ei årrekkje samarbeidd om felles fagdagar for sine tilsette, innan geriatri, psykiatri og BUP. 30. januar var det igjen duka for fagdag i geriatri, der temaet i år var «rus hjå eldre».
En rekke universitet og høgskoler var representert da forskergruppa Religion og livssyn ved Høgskulen i Volda arrangerte forskingskonferansen «Space/place»: Religionsfaglige, filosofiske og teologiske perspektiver i Ørsta.
Som regional og nasjonal kompetanseleverandør tilbyr Høgskulen i Volda ei rekkje fleksible studietilbod på nett og deltid som møter kunnskaps- og kompetansebehova på fleire sentrale samfunnsområde. Du kan no søkje opptak til studium med oppstart våren 2020.
Godt over 1000 avgangselevar i vidaregåande opplæring og folkehøgskular i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane besøkte Høgskulen i Volda under dei åttande Utdanningsdagane 30. og 31 oktober. – Nyttig og interessant, seier Julie Sande Solid og Jannike Melheim frå Stryn vidaregåande skule.
– I dag har eg lært meir enn det eg har lært på skulen om vegar eg kan gå vidare i livet, seier Emma Marie Ristesund Beitveit. Emma og 800 andre tiandeklassingar frå kommunane på Sunnmøre vitjar Høgskulen i Volda i samband med Karrieredagane 2019.
Ei forskingsgruppe med forankring i Høgskulen i Volda (HVO) med fokus på skapande læringsprosessar i musikk gjennomførte i førre veke eit symposium med tittelen «Creative learning processes in music: Pedagogies, or provocations?» Symposiet hadde også ein workshop for studentane ved musikkutdannninga.