Slår alarm om lærarutdanning
Rektor Jørgen Amdam på Høgskulen i Volda har distriktspolitikk som fagfelt, og ropar no varsku om det han meiner kan bli svært alvorleg for bygde-Norge.
- Frå neste studieår skal lærarutdanninga organiserast på ein ny måte. Mykje tyder på at vi vil sjå ei sentralisering av lærarutdanninga, seier Amdam.
Eks-rektor Kjetil Jarl Halse har gått så langt som til å seie at det kan brenne eit blått lys for 115 års lærarutdanning i Volda.