Humanistiske fag

  • Tusen tranar for fred

    Publisert

    Studentar på Kunst og Handverk har i fleire veker bretta tranar i papir. Målet er å nå tusen, som skal oversendast til orføraren i Hiroshima som ei fredshelsing. For å nå målet har faglærar Sissel Midtlid og studentane halde kurs i tranebretting for elevar på Øyra- og Bratteberg skule.

  • Seminar og utstilling: "Little boy of Hiroshima"

    Publisert

    - For å forstå utvikling, tankesett og samtida i Japan, kan ein ikkje gå utanom påverkinga av atombombene og dei verknader dette har hatt, fortel Tengyo Kura, lærar ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning. Han er initiativtakar til seminar, konsert og utstilling om Hiroshima ved høgskulen i september. Miyoko Matsubara er ei av dei siste overlevande etter Hiroshima, og ho vil halde eit av foredraga i seminaret.

  • Stor interesse for doktorgradsarbeidet til Marte Bogen Sinderud

    Publisert

    Konkubiner, mektige embetsmenn og ydmyke tjenere i Ngaoundere, Nord-Kamerun var temaet for doktorgradsarbeidet til Marte Bogen Sinderud ved Høgskulen i Volda. Hun disputerte nylig for doktorgraden ved Universitetet i Oslo, og arbeidet har vekket interesse.

  • Vellykka disputas

    Publisert

    25. april disputerte Jens Johan Hyvik ved Historisk institutt. Disputasen fann stad på Universitetet i Oslo, og det var i underkant av 30 personar som følgde disputasen. Avhandlinga er skriven innanfor prosjektet ”Det opne språket” ved Ivar Aasen-instituttet, og har tema“…hvorfor har Norge ikke et eget nationalt sprog? - Språk og nasjonale førestillingar i Noreg 1739-1850".

  • Til Kenya for å praktisere sosialt arbeid

    Publisert

    Hilde Dybedal Eikeset (49) og Ingard Hollevik Tangevik (25) er begge sosionomstudentar, og i september reiser dei til Kenya for å praktisere sosialt arbeid. Den siste tida har gått med til refleksjon og førebuing til opphaldet.

  • Seminar med fokus på psykisk helse i skulen

    Publisert

    Lærarstudentar og tilsette ved lærarutdanninga har dei tre siste dagane delteke på seminar om psykisk helse i skulen. Kari Anne Osborg i arrangementskomiteen meiner at temaet for seminaret er svært relevant for komande lærarar.

  • Gjesteførelesing med media- og etikkprofessor fredag

    Publisert

    Clifford Christians er professor frå Communications and Media Studies ved Universitetet i Illinois og tek del på etikk- og religionsseminara ved HVO denne veka. Fredag kl. 12.15 held han gjesteførelesing om mediaetikk. Christians er svært godt kjend som lærebokforfattar og forskar innan media og etikk.

  • Mastergradsstudium med tilbod om forskingsprosjekt

    Publisert

    Mastergradsstudentar på Kulturmøte har høve til å vere ein del av forskingsprosjektet ”Kulturperspektiv mellom bønder og embetsmenn”. Prosjektet vil lyse ut åtte stipend og studentane vil vere ein del av eit forskingsnettverk.
    – Vi er svært nøgd med at vi fekk tilslaget og ser på dette som ei utfordring, seier prosjektansvarleg Atle Døssland ved Historisk institutt. Prosjektet har fått seks millionar gjennom Forskingsrådet sitt program for strategiske høgskuleprosjekt.

  • Med data og Dustefjerten inn i nynorsken

    Publisert

    Lesegranskingar syner at born i nynorskområde treng å møte meir nynorsk i kvardagen, slik at dei vert trygge og gode språkbrukarar. Torsdag 17. april skipar difor Nynorsksenteret til konferansen Språkstimulering. Konferansen, som skal vere i Bergen, samlar 140 interesserte deltakarar. Frå ulike innfallsvinklar skal fagfolk og forfattarar ta føre seg korleis born kan ta dei første stega inn i den nynorske skrifta, til dømes gjennom bruk av den nynorske barnelitteraturen eller språkstimulering på datamaskina.