Mastergradsstudium med tilbod om forskingsprosjekt

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

I vår tid er møte mellom kulturar og religionar meir intense og omfattande enn nokon gong. Mastergrad i kulturmøte er eit samarbeidsprogram mellom Historisk institutt og Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag, og gir kunnskap om kulturar og møte mellom kulturar i eit historisk perspektiv.

Nyansert tolking

Forskingsprosjektet ”Kulturperspektiv på møtet mellom bønder og embetsmenn”, fokuserer på ei etablert førestilling om at det i perioden ca. 1670-1870 fanst ei kulturell todeling i det norske samfunnet – ein elitekultur der embetsmannsgruppa dominerte, og ein folkekultur dominert av bøndene.

- Den vanlege tolkinga er at embetsmenn og bønder levde i kvar si verd. Vi ynskjer å nyansere denne todelinga, for både elitesjiktet og bondesjiktet var langt meir mangfaldig. Prosjektet er ein annan type kulturmøte. Det er eit møte innanfor lokalsamfunn og mellom to ulike grupper, embetsmenn og bønder, i tillegg til nokre i mellomsjiktet, eks. bondelandsmenn, klokkarar og lærarar, seier Atle Døssland.

Bakgrunn

Som bakgrunn for prosjektet har ein sett på den kjende engelske historikaren, Peter Bruke sine teoriar. Han snakkar om ein todelt elite- og folkekultur heilt tilbake til middelalderen. Burke peiker på at eliten deltok i folkekulturen og dermed var representert på to arenaer, medan folkekulturen eller bøndene vart haldne utanfor elitekulturen. På 15-1600 talet kom kyrkjelege reform-rørsler, og eliten tok til å lukke seg inn i den lærde kulturen. Dei tok avstand frå folkekulturen, og todelinga i samfunnet vart sterkare.

- Prosjektet vil gripe tak i samfunnet på 1700-talet, for å sjå om teorien passer her i landet., seier prosjektleiaren.

Døssland fortel vidare om korleis gruppene av embetsmenn og bønder var gjennomskorne av vertikale band, såkalla patron-klient-bånd. Han påpeikar at det er grunn til å tru at det var regionale skilnadar, og prosjektet vil derfor har eit regionalt fokus. Teoriar og typologiar kring disiplinering, samfunnsorganisering og ikkje minst patron-klient relasjonar vil vere nyttige reiskapar under tilnærminga.

 

IMG_8340_MAGASIN

 Atle Døssland er professor ved Historisk institutt

og prosjektleiar for forskingsprosjektet.


Tredelt prosjekt

Prosjektet vil bli gjennomført som tre integrerte delprosjekt:

  1. Embetsmenn og bønders orienteringsverd, eigenoppfatning og kulturelle særtrekk – ein regional komparasjon. Delprosjektleiar: Knut Sprauten, Norsk lokalhistorisk institutt.
  2. Embetsmennene sine sosiale og økonomiske relasjonar i høve til bondesamfunnet. Delprosjektleiar: Arnfinn Kielland, Historisk institutt.
  3. Maktbasis, maktutøving og regionale tilpassingar. Delprosjektleiarar: Birger Løvlie, Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag og Brynjulv Gjerdåker, Historisk institutt.

Forskingsprosjektet er stort og utfordrande, og ein må derfor ta eit viss utval. Mastergradsstudentane vil kunne vere med på del- og underprosjekt, og prosjektgruppa har utarbeida ei rekke forslag til masteroppgåver som studentane kan velje mellom.

Frå neste semester er det mogleg å starte mastergradsstudium i Kulturmøte i haust og vårsemesteret, og prosjektet er aktuelt for både noverande og komande studentar.

- Nokre ser kanskje på dette med eldre kjeldemateriale som vanskeleg. Ein må kunne eldre handskrift, men i desse dagar er det gode hjelpemiddel, og det er slett ikkje uoverkommeleg, seier Atle Døssland.

Forskingsnettverk

Prosjektet er budsjettert med inntil åtte mastergradsstudentar, der kvar oppgåve/årsverk har høve til stipend på à kr. 96 000. Prosjektet starta i januar-08, men ikkje alle stillingane innanfor prosjektet er på plass.

- Til prosjektet skal det tilsetjast to doktorgradsstipendiatar og ei post.doc stilling. Dei tre stillingane vil vere knytt til kvar sine delprosjekt. Den eine stipendiatstillinga er tilsett og post.doc er under tilsetjing, seier Atle Døssland.

Dei tre delprosjekta har kvar sin leiar, og utgjer prosjektgruppa saman med Atle Døssland (prosjektleiar), FoU-leiar Reidun Høydal. Prosjektgruppa vil saman med stipendiatane, fagmiljøet ved Høgskulen, aktuelle mastergradsstudentar og personar rundt om i landet som forskar innan feltet, danne eit forskingsnettverk. Den skotske historikaren Andrew Newby er trekt inn for å drage parallellar mellom Skottland og Noreg.

I september vil det vere oppstartsseminar her i Volda med inviterte deltakarar. Det har også mastergradsstudentane høve til å følgje.

- For mastergradsstudentane er det ei kjempemoglegheit å kunne arbeide saman med andre innan forsking. Det å vere ein del av eit slikt prosjekt er lærerikt, og kanskje ekstra motiverande sidan det er knytt stipend til prosjektet, avsluttar Atle Døssland.

 

I studieplanen kan du lese meir om Mastergradsstudium i Kulturmøte.

 

 

 

Del på