Tusen tranar for fred
Då atombomba fall over Hiroshima den 6. august 1945 var den ti år gamle jenta Sadako Sasaki like i nærleiken. Ho overlevde eksplosjonen, men fekk store stråleskadar. Ho hadde høyrt eit gamalt segn om at den som brettar tusen papirtranar vil få eit ønskje oppfylt.
Tranen har stor symbolverdi i Japan og er omkrinsa av mystikk. Tranen skal i fylgje myten leve i tusen år og kan lækje sjukdom. Sadako låg i sjukesenga og nytta alt papir ho kunne få tak i til å brette papirtranar. Ho rakk berre å brette 644 før ho døyde av leukemi den 25. oktober 1955. Men, venene hennar fullførte brettinga. Då ho vart gravlagd saman med tusen papirtranar. Sadako Sasaki har gjorde såleis papirtranen til eit symbol for fred.
Tusen papirtranar i installasjonar av studentane på Kunst og handverk og bretta av elevar frå Bratteberg- og Øyra skule vil vere ein viktig del av utstillinga som opnar i kantina på Høgskulen i Volda (Berte Kanutte-huset) klokka seks på onsdag den 10. september.
Les meir om utstillinga og seminaret på www.hivolda.no/hiroshima
Du kan også lære deg å brette ein papirtrane på http://origami.org.uk/origamicrane