Prosjektseminar: <br>”Kulturperspektiv på møte mellom bønder og embetsmenn”
Prosjektseminaret markerer den verkelege oppstarten på forskingsprosjektet”Kulturperspektiv på møtet mellom bønder og embetsmenn”, som fokuserer på den etablerte førestillinga om at det i perioden ca. 1670-1870 fanst ei kulturell todeling i det norske samfunnet – ein elitekultur der embetsmannsgruppa dominerte, og ein folkekultur dominert av bøndene.
- Den vanlege tolkinga er at embetsmenn og bønder levde i kvar si verd. Vi ynskjer å nyansere denne todelinga, for både elitesjiktet og bondesjiktet var langt meir mangfaldig. Forskingsprosjektet er ein annan type kulturmøte. Det er eit møte innanfor lokalsamfunn og mellom to ulike grupper, embetsmenn og bønder, i tillegg til nokre i mellomsjiktet, eks. bondelendsmenn, klokkarar og lærarar, seier prosjektleiar Atle Døssland.
Professor Atle Døssland studerer illustrasjonane til Hans Strøm i boka "Beskrivelser over fogderiet, Sundmør", og ser fram til å komme skikkeleg i gang med prosjektet.
Seminaret har inviterte deltakarar, men kvart enkelt foredrag/sesjon er ope for alle interesserte. Seminaret vil vere ein del av undervisninga til mastergradsstudentar på kulturmøte.
PROGRAM
Onsdag 3. september, Strøm 243
12.15-12.30Registrering.
Opning av seminaret ved rektor Jørgen Amdam
12.30-13.00”Lutter Bønder vare Fadder til min Daab”
Orientering om forskingsprosjektet ved Atle Døssland
13.00-13.45Delkulturer og kulturmøter i lokalsamfunn
(Eit teoretisk grunnlag), Arne Bugge Amundsen, teolog og kulturhistorikar ved UiO
14.00-14.45Motstand uten opprør. Hverdagslige omfortolkninger av maktforhold
(Overordna teoriar og modellar), Ketil Skogen, kultursosiolog
14.45-15.15Nettverksanalyse
(Overordna teoriar og modellar), Ola Teige, historikar ved UiO
15.15-15.45Kaffipause
15.45-17.45Presentasjon av skisser til delprosjekt 1
Knut Sprauten (delprosjektansvarleg, direktør ved Norsk lokalhistorisk institutt, UiO
Jens Johan Hyvik (postdoc-stipendiat)
Gerd Mordt, historikar ved Riksarkivet
Maria Halle, Mastergradsstudent ved UiO
Kommentar: Steinar Supphellen, historikar NTNU
Torsdag 4. September
09.00-09.30Kontaktflater mellom bondesamfunn og embetsstand
(Idear til forskingsprosjektet), Aud Mikkelsen Tretvik, historikar ved NTNU
09.30-10.00"Uden Haugianernes Assistance kan ikke en Præst udrette de stor Ting"
(Idear til forskingsprosjektet), Svein Ivar Langhelle, historikar ved UiS
10.15-12.00Presentasjon av skisser til delprosjekt 2
Arnfinn Kjelland (delprosjektansvarleg)
Atle Døssland (prosjektleiar)
Ivar Teigum, bygdebokforfattar
Kommentar: Sølvi Sogner, historikar emeritus ved UiO
12.00-12.45Pause
12.45-14.45Presentasjon av prosjektskisser til delprosjekt 3
Brynjulv Gjerdåker (delprosjektansvarleg)
Birger Løvlie (delprosjektansvarleg)
Harald Krøvel(stipendiat)
Margit Løyland, historikar ved Riksarkivet
Kommentar: Øystein Rian og Anne Hilde Nage, historikarar ved UiO og UiB
15.00-15.30Kaffipause
15.30-17.00Oppsummering/kommentar og plenumsdebatt
Kåre Lunden, historikar emeritus ved UiO
17.00-17.15Avslutning, og om vidare framdrift i prosjektet
Atle Døssland
Forskingsprosjektet er eit samarbeid mellom Institutt for historie og Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag, og vil bli gjennomført som tre integrerte delprosjekt. To av stipendiatane til prosjektet er på plass: Harald Krøvel og Jens Johan Hyvik (postdoc).
Prosjektseminaret er ein satsplanke som skal gi idear og motivasjon i startfasa av forskingsprosjektet.
Teikninga av Adolph Tidemand frå 1846 er ein illustrasjon frå tingstova. Lagrettemennene er sessa i benken bak tingbordet. Sorenskrivaren og fullmektigen hans er utstyrte med meir eller mindre standsmessige stolar. (Illustrasjon: Heimen, Lokalhistorisk Tidsskrift, 3-96).