Kulturskulen treng ny kompetanse. Kulturskulen skal i framtida vere eit ressurssenter som står bak, organiserer og tek del i eit variert kulturtilbod, i spennet mellom barnehage og eldresenter, mellom talentutvikling for det profesjonelle kulturlivet, frivillig sektor og kulturterapi. Kulturpedagogstudiet rettar seg både mot lærarar som allereie er i kulturskulen og dei som skal arbeide i kulturskulen i framtida.