Nytt studium: Kulturpedagog (bachelor)

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

  - Vi har teke initiativ til denne nye kulturpedagogutdanninga fordi undersøkingar gjort av kulturskulane stadfestar at nye oppgåver gjer at det er behov for eit kompetanseløft. Då vi i planlegginga av studiet var i kontakt med ulike representantar frå kulturskulefeltet var dei svært positive til Høgskulen i Volda sitt initiativ, seier høgskulelektor Vibeke Preus Bech ved Seksjon for drama og teater ved Avdeling for kulturfag.

fd2f0af18451bd727313943e76035b13fa8467dc

Høgskulelektor Vibeke Preus Bech.

Det treårige studieprogrammet er eit samarbeid mellom alle seksjonane ved Avdeling for kulturfag (AKF): drama og teater, idrett og friluftsliv, kunst og handverk, media og kommunikasjonsteknologi og musikk. Emna som spesifikt rettar seg mot kulturskulen som arbeidsplass vert utvikla i samarbeid med aktørar frå kulturskolefeltet

Kulturfag

– Høgskulen i Volda si satsing på kulturfag gjer at vi kan tilby eitt av det breiaste tilbodet av bachelorutdanningar innanfor kulturfag i Noreg. Vi har difor gode føresetnader for å dekke fordjupingsbehovet i både musikk, kunst og handverk og drama og teater, i tillegg til å ha spennande støttefag i friluftsliv, idrett, media, foto, film og ulike digitale uttrykk.

11be147f8ef64e0ada288861ae660e3b5db22959

Frå ei framsyning ved Seksjon for drama og teater.

Målgrupper

Kulturpedagogstudiet rettar seg både mot lærarar som allereie er i kulturskulen og dei som skal arbeide i kulturskulen i framtida. Utdanninga gir kompetanse på fleire område som særpregar kulturskulen si nye rolle: som læringsinstitusjon for elevane i kulturskulen, som fagressurs i musikk, kunst og handverk eller drama og teater inn mot skuleverket, og som ressurssenter knytt til kulturformidling og kunstnarleg utøving i andre sektorar.

Kompetanse

– Dei som tar den nye kulturpedagogutdanninga vil få kompetanse i å drive pedagogisk og fagleg kulturarbeid med barn og ungdom, i organisering, administrasjon, prosjektutvikling og i entreprenørskap knytt til kulturskulen som ressurssenter. I tillegg vil ein få kompetanse i det å arbeide som kulturekspert i team både tverrfagleg og fleirfagleg, og ein vil få ei fagleg fordjuping i si spesialisering, seier Vibeke Preus Bech.

Vidareutdanning

Kulturskulelærarane er i dag ei blanda gruppe, der ein m.a. har utøvande musikarar og kunstnarar utan formell pedagogisk kompetanse. Mange av dei som allereie arbeider i kulturskulen, har også kombinasjonsstillingar med grunnskulen og vidaregåande opplæring eller andre felt, eller arbeider også som utøvande kunstnarar. For kulturskulen vil studiet vere aktuelt for nyutdanna og nye tilsette i kulturskulen som treng formidlingskompetanse, erfarne kulturskulelærarar som treng og formalkompetanse og alle tilsette i kulturskulen som treng kompetanse på kulturskulen si nye rolle som ressurssenter.

5672d3cd958ed63cb3f5e6bf578837fe972aec35

Kulturpedagogstudiet rettar seg både mot lærarar som allereie er i kulturskulen og dei som skal arbeide i kulturskulen i framtida.

Les meir i studiekatalogen.

Avdeling for kulturfag.


Del på