Studentsørvis

  • – Eit svært godt år for Høgskulen i Volda

    Publisert

    Høgskulen i Volda har sett ny rekord, både i talet på aktive studentar og på talet heiltidsstudentar. – Når studentane våre i tillegg produserer eit rekordhøgt tal studiepoeng og dei fagleg tilsette publiserer meir enn før, er det grunnlag for å konkludere med at 2011 har vore eit utruleg godt år for Høgskulen i Volda, seier direktør Jacob Kjøde jr.

  • Får råd frå tidligare studentar

    Publisert

    Han er på jakt etter dei beste tipsa, Ståle Grut, når han får tidlegare mediestudentar til å fortelje om studietida i Volda og kvardagen etterpå. Merksemda rundt intervjua har blitt større enn forventa, blant anna frå Noregs største nettside for journalistar.

  • X2 inviterer til folkefest

    Publisert

    Like etter påske inviterer ekstremsportfestivalen X2 til folkefest. X2 kutter gjennomfartspulsåren gjennom Volda, for å åpne til storslått festivalområde.

  • Studentar har rydda «Lærarskuleskogen»

    Publisert

    Utefagstudentane har gjort ein kjempejobb med å rydde i «Lærarskuleskogen» etter Dagmar. I fleire timar har dei gått laus med handsager, motorsager, økser og spader. No er endeleg bålplassen og «torget» framme igjen. Granbar og kvist blei til hinderløyper, gapahukar og barhytter. Studentar og born har allereie tatt i bruk skogen.

  • Treng crew til kortfilm

    Publisert

    – Eg treng folk som kan jobbe med lys, lyd og film til ein kortfilm eg skal lage no i vårsemesteret. Filmen er ein del av bacheloroppgåva mi på media, IKT og design, seier Aleksander Vågsholm.

  • Bachelorstudentane i historie på studietur til Roma

    Publisert

    Som første kull i det reviderte bachelorprogrammet i historie er denne gruppa «prøveklutar» for eit nytt element i studiet – ein studietur til Roma. Byen inneheld særs mykje innføring i historiefaget: statsutvikling, kjeldetolking, konfliktløysing, økonomisk utvikling, kunsthistorie med meir over ein periode på 2500 år.

  • Møtte alpinlegenda Stein Eriksen i USA

    Publisert

    Høgskulelektor Arnfinn Haug (t.v.) og førstelektor Frode Sætre ved Seksjon for idrett og friluftsliv ved Avdeling for kulturfag, har vore på studietur til USA der dei møtte alpinlegenda Stein Eriksen. På studieturen besøkte vi skianlegg og skiskular i Deer Valley, Park City, The Canyon, Snowbird og Alta. Skianlegga ligg i nærleiken av Salt Lake City i staten Utah.

  • Spenningskurs på Bjorli

    Publisert

    Dette er ei vinter- og friluftslivaktivitetsveke for personar med ulike funksjonsnedsettingar der studentar og elevar er instruktørar. Deltakarane kan velje mellom fleire spenningsaktivitetar som snørafting, taubane, hundespann, friluftsliv, alpint, telemark og langrenn.