– Eit svært godt år for Høgskulen i Volda
Rektor Per Halse sluttar seg til vurderinga frå høgskuledirektør Kjøde jr.
Auka inntekter
– Dette er veldig gode tal for Høgskulen i Volda. Vi hadde eit svært godt opptak i 2011. Det er også svært gledeleg å registrere at studentane gjennomfører studia sine, tek eksamen og produserer studiepoeng. Studiepoengproduksjonen i 2011 og utteljing for publisering av forsking gir oss ei inntektsauke på om lag 10 million kroner, seier Halse.
Rektor Per Halse, studiedirektør Gonnie Smit og høgskuledirektør Jacob Køde jr. kan glede seg over gode tal for Høgskulen i Volda.
Utfordringar
Det er ikkje alle utdanningane som er like attraktive. Søkinga til grunnskulelærarutdanningane (GLU) er ei utfordring.
– Søkinga til GLU 1 – 7 kunne ha vore betre. Vi prøvar å kompensere for dette ved å legge GLU 1 -7 på deltid på Sandane og i Ålesund. Her tar kommunane grep saman med oss slik at vi kan sikre rekruttering til læraryrket i regionen, seier rektor Per Halse.
Rekordmange studentar ved Høgskulen i Volda.
Styringsparameter | Resultat | Ambisjonsnivå | Resultat |
2010 | 2011 | 2011 | |
Uteksaminerte kandidatar på bachelorprogram | 288 | 260 | 264 |
Uteksaminerte masterkandidatar | 30 | 30 | 52 |
Uteksaminerte allmennlærarkandidatar | 64 | 60 | 55 |
Uteksaminerte PPU-kandidatar | 44 | 50 | 69 |
Primærsøkjarar i samordna opptak | 1 187 | 1 300 | 1 349 |
Registrerte heiltidsstudentar | 2 654 | 2 700 | 2 769 |
Studiepoengproduksjon | 1 973 | 2 150 | 2 246 |
Nokre nøkkeltal h-2011.