I morgon held Peikestokken møte i redaksjonslokala i Aasen-huset kl. 17.00 for å setje i gong årets avisredaksjon. Alle studentar frå alle studium, både norske og internasjonale, er velkomne til å vere med. - Vi treng folk til foto, skriving, layout, økonomi, internett og mykje meir, melder Hilda Nyfløt i redaksjonen.