StudentTV med videorapport frå Fadderveka
Studentane har vore flittige med fotoapparat og videokamera under Fadderveka. På Facebook kan du sjå fleire album frå fadderarrangementa sist veke, og på StudentTV kan du sjå ein artig videorapport. - Til alle nye studenter i Volda: nyt livet, sa mellom anna ei smilande Kristin Halvorsen på videoen.
Fadderveka 2010 vart ein stor suksess med flott vêr og mykje liv. Her er ei oppsummering av høgdepunkta, med melom anna vinsmaking, kondomkurs, harryfest, rektor og Kristin Halvorsen. God stemning!
Du kan sjå StudentTV sin videorapport på http://stvolda.no/sendingar/fadderveka-2010/
Fadderstyret hadde mellom anna ei fotokonkurranse som gjorde at studentar har lasta opp mange bra bilete på facebooksida til Fadderveka. Vinnarbilete av konkurransen var sendt inn av Celine Engh og er frå Ralph Myerz-konserten på Rokken.