Oppdrag

  • Russerbesøk og ytringsfrihetsseminar

    Publisert

    -Vi er svært glade for å få besøk av journaliststudenter fra Kaliningrad, Russland! Russland er et av Norges viktigste naboland og møtet mellom journaliststudentene fra de to landene blir et viktig kulturmøte, sier Gunn Bjørnsen som er stipendiat ved AMF og holder i trådene.

  • Spel, design og forsking

    Publisert

    Spelforsking er eit nytt felt i verda, men ikkje i Volda. Sida midt på nittitalet har Torill Mortensen, ein av dei tidlege spelforskarane på den internasjonale arenaen, arbeida med si forsking med base på Avdeling for mediefag. Denne veka legg ho, saman med konferanseleiaren Kristine Jørgensen frå Universitetet i Bergen, til rette for ei samling av spelforskarar frå inn- og utland.

  • NAV og sosialt arbeid- Dagskonferanse 11. mars

    Publisert

    Møteplassar er viktige for gjensidig utveksling av kunnskap. Denne dagen kan tilsette i NAV, studentar, høgskuletilsette og andre interesserte møtast for dialog og fagleg diskusjon rundt spørsmål om kunnskapsforståing og yrkesutøving når rammevilkår endrar seg.

  • Masterstudent pendlar mellom Vadsø og Volda

    Publisert

    Rune Seim fra Vadsø er ikkje redd for å legge bak seg nokre kilometer for å kome seg på samling i sitt tredje masteremne. Den første delen av reisa mot mastergrad i Samfunnsplanlegging og leiing tok han som student i heimkommunen, men han tek no turar på snaue 200 mil til Volda på studiesamlingar.

  • Vellukka Gründercamp for lærarstudentar ved Høgskulen i Volda

    Publisert

    3. – 4. februar var det Gründercamp for lærarstudentane på andre året. På Henrik Kaarstad-huset møtte forventingsfulle studentar for å bli inndelt i grupper og få utdelt kvart sitt oppdrag frå ei bedrift i Volda og Ørsta-området.

  • Med Ivar Aasen rundt livet

    Publisert

    Fire allmennlærarstudentar hadde i vinter Ivar Aasen-tunet som oppdragsgivar på ein gründercamp, og resultatet har alt blitt ein stor salssuksess på nettbutikken til Aasen-tunet.

  • Ein tradisjon vi er stolte av

    Publisert

    Torsdag vart den tredje fagkonferansen i spesialpedagogikk, Spesialpedagogen si rolle i ein inkluderande skule og barnehage, halde ved Høgskulen i Volda.
    Både noverande og tidlegare studentar samt deltakarar frå Utdanningsforbundet, BUP, PPT, skule og barnehage var til stades for fagleg påfyll.

  • Vi kan - saman. Barnehageløftet på Søre Sunnmøre

    Publisert

    Nærare sju hundre tilsette i alle dei seksti barnehagane i kommunane Hareid, Herøy, Ulstein, Sande, Vanylven, Ørsta og Volda var måndag 5.oktober samla i Herøy kulturhus / Herøyhallen for å markere avslutninga på utviklingsarbeid dei har arbeidd med det siste året.

  • Fagkonferansen Spesialpedagogikk 2009

    Publisert

    Torsdag 1. oktober går den tredje fagkonferansen i Spesialpedagogikk av stabelen: Spesialpedagogen si rolle i ein inkluderande skule og barnehage. -Vi ønskjer å sette fokus på utfordingar knytt til møtet mellom spesialpedagogen sin faglege forankring, - og forståing og praktisering av inkludering som overordna prinsipp for pedagogisk verksemd, seier prosjektleiar Aase Bjørg Alme.