Fagkonferansen Spesialpedagogikk 2009

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

 b5496ffd6b089f04998076f8f5080e14582ba3c8
Aase Bjørg Alme

Målgruppa for konferansen er tilsette i skule, barnehage, PPT og i administrative stillingar knytt til fagfeltet og studentar.

Opningsføredraget er ved professor Peder Haug som tek før seg  ” Inkludering som praktisk-pedagogisk utfordring”.

Kirsten Lauritsen, forskar ved HINT presenterer frå prosjektet ”Barnehagen i endring. Inkludering i praksis”.  I sitt delprosjekt har Kirsten Lauritsen særleg fokus på korleis , og i kva grad dei tilsette i barnehagen skaper rom for kulturell identitet. I Volda blir det presentert  frå analysearbeidet knytt til prosjektet.

”Spesialpedagogar og spesialpedagogikk i ein inkluderande skule ” er tittelen på Ph.d. Marit Mjøs sitt føredrag. Marit Mjøs er avdelingsleiar ved Statped Vest. I sitt doktorgradarbeid hadde Mjøs fokus på korleis prinsippa om inkludering og tilpasset opplæring for alle elevar kjem til uttrykk i skulen, og på  spesialpedagogen si  rolle i denne samanhengen.

Konferansen er også ein arena for å løfte fram studentar som har fullført master i spesialpedagogikk ved Høgskulen i Volda. Dette vert markert med utdeling av diplom og faglege bidrag.  Åshild Johnsen vil presentere sitt masterarbeid: ” Foreldre til elevar som strevar si oppleving av samarbeidet mellom heim og skule”.

Konferansen vert arrangert i samarbeid med Utdanningsforbundet og KS, som vil presenterer arbeidstakar og skuleeigar sitt syn på utfordringa.

Konferansen er gratis, men av omsyn til kapasiteten på lokale og servering, er det påmelding og registrering på: www.hivolda.no .

Del på