Vi kan - saman. Barnehageløftet på Søre Sunnmøre
Med utgangspunkt i Kunnskapsdeparetmentet sin Strategi for kompetanseutvikling i barnehagesektoren 2007-2010 (Barnehageløftet) har Høgskulen i Volda og kursregionen på Søre Sunnmøre det siste året hatt eit samarbeid om lokalt utviklingsarbeid. Barnehagenettverket har nytta seg av tilbod som HVO har lyst ut, og dei har utfordra høgskulen til å utvikle nye tilbod. Høgskulen i Volda sine tilsette har halde førelesingar og gitt rettleiing til barnehagepersonalet under vegs i prosessen. Det har utvikla eit fruktbart samarbeid for alle partar.
Til inspirasjon og til vidare nettverksbygging presenterte tjueåtte barnehagar frå sine problemstillingar og sine prosessar innanfor tema:
Lærerik leik
Språk og språkutvikling
Mat og rørsle
IKT og medverknad
Mosmarka barnehage i Ørsta har jobba med lærerik leik. F.v. Johan Raiso, Eli-Karin Sjåstad Åsebø (HVO) og Beate Bjerkvik
Sætra barnehage i Ulsteinvik har hatt eit prosjekt om Den lærerike samtalen. Rettleiarar frå HVO, Liv Ingrid Håberg og Irene Garnes Hareide saman med tilsette i Sætra barnehage i Ulsteinvik,Randi Dimmen og Astrid Andersen er godt nøgde med prosjektet og kan melde om respons.
Torill Høydalsvik orienterte om studietilbod ved Høgskulen i Volda