Høgskulen i Volda er ein av støttespelarane bak Sunnmøre kammermusikkfestival. Samarbeidet styrkjer Volda som kultur- og studiestad og skaper meirverdi for ulike fagmiljø og studentar gjennom seminar, meisterklasser og konsertar. No er Kaja Robak tilsett som ny dagleg leiar.
Eit fargerikt og mangfaldig program pregar årets Internasjonal dag i Berte Kanutte-huset ved Høgskulen i Volda. I år er det rekord i talet på internasjonale gjestar til arrangementet med over 20 gjestar frå sentrale partnaruniversitet i m.a. England, USA, Nederland, Danmark, Tsjekkia og Russland.
Tysdag 6. februar kjem tidligare utanriksminister Thorvald Stoltenberg til Høgskulen Volda for å halde innleiingsforelesinga på kurset «Media and the Cold War». Stoltenberg vil gje eit innblikk i norsk utanrikspolitikk frå den andre verdskrigen fram til slutten av den kalde krigen. Forelesinga er på engelsk og er open for alle.
Sjustjerna Helse og omsorg, Volda sjukehus og Høgskulen i Volda arrangerte fagdag i geriatri for helsepersonell 25. og 26. januar, med kring 140 deltakarar frå Søre Sunnmøre og Nordfjord.
Vigdis Bunkholdt, ein nestor i barnevernsarbeid, trekk fram Høgskulen i Volda som eit godt døme på korleis ein kan arbeide med temaet omsorg for barn på tvers av ulike utdanningar og profesjonar.
Gjennom eit nytt samarbeid har Helse Møre og Romsdal, Sjustjerna helse og omsorg og Høgskulen i Volda klart å utvikle og løfte ein fagdag som er viktig for regionen.
Den 15.-17. november er professor Knut-Willy Sæther ved Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag medarrangør for en forskningskonferanse i New Haven, USA, med inviterte gjester fra flere anerkjente internasjonale institusjoner.
– Høgskulen i Volda er initiativtakar til ein nasjonal konferanse for skuleleiarar i Ålesund i april 2018. Eit sentralt tema vil vere «trygg skule», seier rådgjevar Ole Frank Bakken ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning.