Internasjonal dag
Eit fargerikt og mangfaldig program pregar årets Internasjonal dag i Berte Kanutte-huset ved Høgskulen i Volda. I år er det rekord i talet på internasjonale gjestar til arrangementet med over 20 gjestar frå sentrale partnaruniversitet i m.a. England, USA, Nederland, Danmark, Tsjekkia og Russland.
– Alle studentar og tilsette er inviterte til å markere den store internasjonale aktiviteten ved HVO og for å få inspirasjon til å reise ut. I kantina i Berte Kanutte-huset er der ei rekkje stands som representerer land og universitet som høgskulen har samarbeid med. Det er høve til å stille spørsmål direkte til institusjonar ein har lyst til å studere ved. I år har vi eit spesielt fokus på høva til utveksling i grunnskulelærarutdanningane, seier Arne Humberset, leiar for Internasjonalt kontor.
Klokka 12.00 er det duka for eit spanande foredrag i BK store auditorium. Årets hovudgjest er tidlegare student Becky Bakr Abdulla som i dag er medierådgjevar i Flyktningehjelpen. Becky fullførte ein bachelorgrad i PR, kommunikasjon og media ved HVO i 2014 og mykje på grunn av si aktive studietid, med m.a. utvekslingsopphald og frivillig arbeid, fekk ho drømmejobben i ein av Noregs største bistandsorganisasjonar. Jobben har tatt Becky til nokre av dei mest alvorlege krise- og konfliktområder i verda, der ho har prøvd å gi ei stemme til dei mange som har blitt tvinga på flukt. Becky fortel om si spanande og inspirerande reise i foredraget «From Volda to Fallujah – and back» (foredraget vert halde på engelsk).
Etter foredraget vert det gratis internasjonal lunsj kl. 13.15 og meir aktivitet i messeområdet. Dagen vert avslutta med musikk og dans samt trekning av studentkonkurransen.
Program for dagen:
11:00 Messeområdet opnar.
11:30 Offisiell opning med Pro-Rektor og song ved Høgskulekoret.
Utvekslingsmesse med stands for land og partnaruniversitet.
Annonsering av studentkonkurranse.
12:00 Ope foredrag med årets hovudgjest Becky Bakr Abdulla:
"From Volda to Fallujah - and back"
13:15 Gratis internasjonal lunsj.
14:15 Avslutning og trekking av vinnarar av studentkonkurransen.