Kurs, konferanser og seminar o.l.

  • Kaarstadfestivalen 2017

    Publisert

    – Studentar og tilsette ved Avdeling for kulturfag ønskjer alle velkomne til ei veke med konsertar, utstillingar, teaterframsyningar og kulturcafé, seier førstekonsulent Catarina Andersson. Kaarstadfestivalen 2017, den tredje i rekka så langt, tek til søndag 28. mai.

  • Storbandtreff 17

    Publisert

    Musikkseksjonen ved Høgskulen i Volda er vertskap for Storbandtreff 17 laurdag 20. mai. – Musikkutdanninga har hatt eit langvarig og fruktbart samarbeid med storbandet MixMasters over lang tid. No ønskjer vi å invitere fleire storband til samspel og konsertar, seier høgskulelektor Svein Hunnes.

  • Jostein Fet æresdoktor ved UiB

    Publisert

    Jostein Fet (1924) er forskar, forfattar, kulturhistorikar, folkemusikar og tidlegare dosent og undervisningsleiar ved Høgskulen i Volda. Fet har levert ny innsikt i norsk kulturhistorie gjennom mange litteratursosiologiske forskingsarbeid. No er han utnemnd som æresdoktor ved Universitetet i Bergen.

  • Skal vere med å betre folkehelsa

    Publisert

    I konkurranse med fleire andre institusjonar valde Helsedirektoratet Høgskulen i Volda sitt fagmiljø til å evaluere satsingsprosjektet «Nærmiljø og lokalsamfunn som fremmer folkehelse».

  • – Trefte nerven i problemet vårt

    Publisert

    PR, kommunikasjon og media-studentar gjorde eit så godt inntrykk på Avfallsforum Møre og Romsdal i eit prosjektarbeid at dei vil halde fram med samarbeidet. Det føyer seg inn i rekka av samarbeidspartnarar utdanninga tek på seg oppdrag for.

  • Religionspedagogisk forskarforum i Volda

    Publisert

    Høgskulen i Volda (HVO) ved Institutt for religion, livssyn og etikk er torsdag og fredag vertskap for NoReFo (Norsk Religionspedagogisk Forskerforum). – Vi ønskjer å få belyst forskinga som føregår i UH-sektoren innanfor religionsdidaktikk og vi ser også fram til å høyre om forskingsprosjekt her ved HVO, seier NoReFo-leiar Oddrun Bråten.

  • Oppstart v-2017: Migrasjon, kjønn og religion

    Publisert

    – «Migrasjon, kjønn og religion» er eit nytt masteremne med oppstart våren 2017 som tar for seg to faktorar som kan ha mykje å seie i migrasjonssituasjonen, seier professor Inger Marie Okkenhaug. Emnet er ein del av «Master i kulturmøte», eit tverrfagleg studium om kulturar og møte mellom kulturar.

  • – Noko myndigheitene bør merke seg

    Publisert

    Åtferdsforskar Pål Roland rosar måten Barnehagekonferansen tok tak i eit viktig samfunnsproblem på og opplyste barnehagetilsette i Møre og Romsdal.

  • Styreseminar og ny strategiplan

    Publisert

    Styret for Høgskulen i Volda, dekanar, administrative leiarar, arbeidstakarorganisasjonane og studentar var torsdag 27. oktober samla på Sæbø for å meisle ut ein ny strategiplan for høgskulen.

  • Vellykka oppstart av styrarutdanning i Ålesund

    Publisert

    Høgskulen i Volda har i konkurranse med fleire andre tilbydarar vunne oppdraget med å gje styrarutdanning til barnehagestyrarar på Nordre Sunnmøre. Oppdragsgjevar er Sunnmøre Regionråd.