Koronakrisa: Fullteikna kurs i personalleiing
Grunna Koronasituasjonen har Regjeringa bedt universitets- og høgskulesektoren om å tilby kompetansehevande studietilbod retta mot permitterte og arbeidsledige våren 2020. – I samarbeid med mellom andre Maritim foreining for Søre Sunnmøre tilbyr Høgskulen i Volda «Personalleiing for mellomleiarar», eit kurs som raskt vart fullteikna med folk frå ei rekkje ulike bedrifter og verksemder, seier kursansvarleg førstelektor Magnar Hjertenæs.
– Kurset «Personalleiing for mellomleiarar» er ei tilrettelegging av eit kurs eg gjennomførte fem-seks gongar i perioden 2012 – 2016 i eit samarbeid med Maritim foreining for Søre Sunnmøre (Mafoss). I samband med situasjonen som oppstod i mars, tok Mafoss kontakt og lurte på om det var mogleg å lage ein digital versjon av kurset. Den utfordringa syntest eg var fagleg veldig spennande og utviklande. Ei skisse vart drøfta med aktuelle personar i Mafoss og andre samarbeidspartnar dei har i den maritime klynga. Kurset kom deretter med i pakken som er dels finansiert gjennom BIO-ordninga (bedriftsintern opplæring), seier Hjertenæs. ved Avdeling for samfunnsfag og historie ved Høgskulen i Volda.
Kurset er etterutdanning og gir ikkje studiepoeng. Kurset dekkjer om lag halvparten av innhaldet i emnet Grunnleggande innføring i leiing - IPA 171. Det var lagt opp til 20-25 deltakarar, og 23 personar fekk plass. Dei er i hovudsak heilt eller delvis permitterte, og kjem frå ei rekkje ulike bedrifter og verksemder knytt til dei aktuelle næringsklyngene lista opp i faktaboksen.
- Ålesund kunnskapspark (ÅKP) og Mafoss har på vegner av næringslivet søkt Møre og Romsdal fylkeskommune om midlar gjennom BIO 2-ordningen (bedriftsintern opplæring) til å starte opp nettbaserte opplæringstiltak under koronapandemien.
- Kurspakken er utarbeidd i samarbeid med næringsklyngene GCE Blue Maritime, NCE Blue Legasea og Digicat – Norsk katapultsenter
- Kursa er fullfinansiert av Møre og Romsdal fylkeskommune og gratis for deltakarane. Bedrifter, permitterte tilsette og enkeltpersonar i heile Møre og Romsdal kan nytte seg av tilbodet.
- Personar som er heilt og delvis permitterte er prioriterte, men også tilsette i jobb kan søke på ledige plassar.
- NTNU i Ålesund, Høgskulen i Volda, Marint kompetansesenter og ei rekkje andre kursleverandørar står for det faglege innhaldet.
- De første kursa startar 19. mai og det vil komme nye kurs framover heilt til oktober 2020.
- Tiltaka er ein del av dei nasjonale krisepakkane under koronapandemien.
Vidare oppfølgjing
– Deltakarar som ønskjer det, har fått tilbod om å seinare fylgje delar av ordinær undervising. Dei søkjer då opptak, betalar semesteravgift og tek eksamen på emnet saman med ordinære studentar studieprogrammet Bachelor i samfunnsplanlegging, seier førstelektor Magnar Hjertenæs ved Avdeling for samfunnsfag og historie ved Høgskulen i Volda.
Kurset starta 19. mai og skal gå fram til 3. juli. Det er sett saman av 8 modular, der kvar modul inneheld presentasjonar, videoar, litteratur, oppgåver og diskusjonar.
– Deltakarane har eit rom i den digitale læringsplattforma Canvas der det er lagt opp læringsløyper som dei må fylgje for å kome vidare. Kvar modul vert avslutta med ei fellessamling i videokonferanseverktøyet Zoom med gjennomgang av læringsmåla, gruppearbeid og diskusjon i plenum. Deltaking og gjennomføring gir alle eit kursbevis. Dei deltakarane som ynskjer det vil også ha høve til å søkje opptak og eksamen på emnet IPA 171 i veke 40. Det er også gjort avtale om eit nytt kurs i frå slutten av august, dersom det framleis er behov for dette, seier Hjertenæs.