Symposium om komposisjon og improvisasjon
Ei forskingsgruppe med forankring i Høgskulen i Volda (HVO) med fokus på skapande læringsprosessar i musikk gjennomførte i førre veke eit symposium med tittelen «Creative learning processes in music: Pedagogies, or provocations?» Symposiet vart avslutta med ein workshop for studentane ved musikkutdannninga.
– Forskingsgruppa har som mål å auke forskingsaktiviteten gjennom prosjekt, publisering og formidling. Vi ønskjer også å bidra til utvikling av forskingsfeltet gjennom tilskiping av fagseminar, publikasjonar og konferansebidrag, seier førsteamanuensis Stein Helge Solstad ved musikkutdanninga.
Komposisjon, improvisasjon og musikkfilosofi
Forskingsgruppa fokuserer no i hovudsak på tematikken rundt det unike arbeidet til professor Magnar Åm (HVO) i kryssingsfeltet komposisjon, improvisasjon og musikkfilosofi.
Professor Åm er fagleg ansvarleg for emnet MUS206 (15-studiepoeng) som kan takast som ein del av bachelorprogrammet i musikk, eller som fritt emne i fordjuping eller vidareutdanning i musikk. Studenten bruke skaparevna og skapartrongen i seg og lære metodar for å finne sitt personlege uttrykk, metodar for maksimal innstrøyming av idear og metodar for utveljing og ivaretaking av desse. Emnet representerer ei fordjuping og vidareføring i høve til emna på grunn-nivå. Det vil gi ei plattform for vidare komposisjonsstudiar eller skapande eigenaktivitet, og det kan vere ein basis for pedagogisk arbeid med komponering og improvisering i skulen, kulturskulen og fritidsmusikklivet.
Fagfellevurdert antologi
– Den konkrete planen er å utforske dette fagfeltet frå fleire perspektiv, og å publisere ein fagfellevurdert antologi. Eit viktig aspekt av dette arbeid er den kontakten vi har med Birmingham City University ved Professor Martin Fautley og forskarar som driv FoU-prosjekt innan komponering der, seier Solstad.