Kurs, konferanser og seminar o.l.

  • 30 internasjonale gjester til animasjonsfestivalen

    Publisert

    VJing, utstillingar med publikumsdeltaking, eige barneprogram, eiga næringslivskonkurranse og open dokkefilmverkstad og massevis av animasjonsfilm. Årets animasjonsfestival i Volda har mange nye programpostar til glede for tilreisande, studentar, born og vaksne i Volda, fortel dei tidlegare animasjonsstudentane Lea Vidakovic and Ivana Bosnjak, som i år er ansvarlege for festivalen.

  • Korleis ser den maritime klyngja ut i media?

    Publisert

    Høgskulelektor Jens Standal Groven ved Avdeling for mediefag presenterte torsdag denne veka VRI-prosjektet "Den maritime klyngja i media", under årets Status og vegen vidare-konferanse i regi av NCE Maritime i Ålesund. I prosjektet spør Standal Groven mellom anna om media representerer verkelegheita i den maritime klyngja?

  • Kunnskapsministeren opnar studieåret i Volda

    Publisert

    Den offisielle opningsseremonien ved Høgskulen i Volda vil gå føre seg i Berte Kanutte-huset, kantina, tysdag 17. august kl. 12.00-13.00. Kunnskapsminister Kristin Halvorsen vil halde opningstalen. Alle tilsette, studentar og gjester vil vere til stades. Kl. 19.00 er det eit ope møte og debatt om skulepolitikk.

  • Pedagogikkonferanse med blikk på dei framande i klasseromet

    Publisert

    Professor Tobias Werler ved Institutt for pedagogikk i Volda samla forskarar frå Portugal, Tyskland, Austerrike og Skandinavia til ein vellukka workshop rundt temaet heterogenitet. Workshoppen leier no til eit symposium på den europeiske forskingskonferansen ECER neste år og ein antologi som kjem no i haust.

  • Spel, design og forsking

    Publisert

    Spelforsking er eit nytt felt i verda, men ikkje i Volda. Sida midt på nittitalet har Torill Mortensen, ein av dei tidlege spelforskarane på den internasjonale arenaen, arbeida med si forsking med base på Avdeling for mediefag. Denne veka legg ho, saman med konferanseleiaren Kristine Jørgensen frå Universitetet i Bergen, til rette for ei samling av spelforskarar frå inn- og utland.

  • Landskonferanse med fokus på grunnskulelærarutdanninga

    Publisert

    Denne veka arrangerer Høgskulen i Volda landskonferansen for studie- og praksisleiarar i lærarutdanningane i Noreg. – Den nye grunnskulelærarutdanninga er sjølvsagt hovudtema, melder Ivar Hagen frå Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning. Landskonferansen varer frå 4.-6. mai.

  • Nevrologisk musikkterapeut Audun Myskja til Volda

    Publisert

    Onsdag 7. april kjem overlege Audun Myskja til Volda. Myskja har i mange år jobba med ”den musiske medisin” og for få dagar sidan blei han, som den første lege i Skandinavia, sertifisert som nevrologisk musikkterapeut.

  • NAV og sosialt arbeid- Dagskonferanse 11. mars

    Publisert

    Møteplassar er viktige for gjensidig utveksling av kunnskap. Denne dagen kan tilsette i NAV, studentar, høgskuletilsette og andre interesserte møtast for dialog og fagleg diskusjon rundt spørsmål om kunnskapsforståing og yrkesutøving når rammevilkår endrar seg.