Nevrologisk musikkterapeut Audun Myskja til Volda

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

868758c780ba17baf99bfcf5c3b5110ec60fc268
Overlege Audun Myskja kjem til Volda for å snakke om "den musiske medisin"

I samband med studiet "Miljøterapi i demensomsorga" si siste studiesamling vil det verte arrangert ein open dag omhandlande musikk som ein viktig del av miljøterapien. For alle som vil kan dei kome til store auditoriet på Berte Kanutte og høyra på overlege Audun Myskja snakke om sitt arbeid med "den musiske medisin".

- Jeg bruker ofte musikk for å oppnå avspenning hos pasienter, men du kan oppnå samme effekt ved bruk av stemmen. Du kan lage din egen avslappende byssesang, eller finne din egen beroligende tone. Å anvende stemmen som verktøy er en gammel lærdom som blir stadig mer utbredt i vår tid, seier Myskja til Aftenposten.

Det forskas stadig meir på dette fenomenet. Særleg innanfor nevrologiske lidingar har bruk av musikk og rytme vist positiv effekt. Rytmen frå ein metronom kan, til dømes, betre ganglaget hos Parkinson-pasientar.

Forutan å halde kurs og foredrag, og skrive bøker, gir Myskja musikkterapi til dei gamle på sjuke- og aldersheim, og også til dei tilsette. Han arbeidar med støtte frå Stiftelsen Helse- og Rehabilitering, og har oppdrag for Kirkens Bymisjon. Myskja har arbeida mykje med Parkinson-pasientar, samt døande pasientar.

- Stilt overfor døden kan ord bli fattige mennesker i mellom. Ofte kan musikk uttrykke det ord ikke får sagt, seier Myskja.

Ta turen til Berte Kanutte store auditorium 7. april for å høyre meir om "den musiske medisin" og bli inspirert du og.

Del på