Kunnskapsministeren opnar studieåret i Volda
Tysdag 17. august opnar studieåret i Volda.
– Kunnskapsminister og SV-leiar Kristin Halvorsen hadde veldig lyst å kome, kommenterer prorektor Anne Øie.
– Ministeren kunne fortelje at mora hennar tok lærarutdanning i Volda, så å få vere med på den offisielle opningsseremonien her var stas. Sjå eige program for opningsseremonien
Lunsj med tema lærarutdanning
Før den offisielle opningsseremonien vil kunnskapsminister Kristin Halvorsen med sine rådgjevarar ta del i ein arbeidslunsj med rektor og leiinga ved Høgskulen i Volda, fylkesleiar i Møre og Romsdal SV, Olav Hauge, og andre representantar frå partiet.
Kristin ønskjer også lærarstudentane velkomne
Kunnskapsministeren vil også få presentert SEANSE, Senter for kunturproduksjon ved Høgskulen i Volda.
I tillegg tek ho på seg å ønskje alle dei nye studentane ved den nye grunnskulelærarutdanninga spesielt velkomne til Volda og studentlivet. Årets nye kull lærarstudentar er dei første som tek til på den nye grunnskulelærarutdanninga.
Skuledebatt i Volda
Etter besøket ved Høgskulen i Volda vil delegasjonen reise til Ivar Aasen-tunet, der mellom anna Nasjonalt
senter for nynorsk i opplæringa vil presentere utfordringar i høve nynorsk i skule og lærarutdanning.
Ministerdelegasjonen vil ta del i eit ope møte og ein debatt om skulepolitikk saman med mellom anna professorane Peder Haug og Kåre Heggen kl. 19.00. Dette møtet vil vere i Berte Kanutte-huset, Store auditorium, og det er ope for alle. Publikum er oppmoda om å ta del.
Detaljert program for den offisielle opningsseremonien vert publisert snart.
Last opp pressemelding med tema for arbeidslunsj, stikkord frå Kåre Heggen og Peder Haug.