Barnehagekonferansen 2014 blir arrangert 30. og 31. oktober på Rica Parken Hotel i Ålesund. Konferansen er eit årleg samarbeidsprosjekt mellom Høgskulen i Volda, Utdanningsforbundet Møre og Romsdal og Fylkesmannen i Møre og Romsdal, oppvekst- og utdanningsavdelinga. Barn og leik er sentralt tema i år.
Når eit seminar handlar om digital kompetanse og korleis skulen skal utøve sitt samfunnsoppdrag i møte med den teknologiske utviklinga, meiner fagmiljøet på Digital kompetanse i læring (DKL) at det berre er naturleg å dele det med verda.
– Skal vi framleis vere ein attraktiv studiestad, må vi planleggje for framtida no, seier rektor Per Halse ved Høgskulen i Volda. Høgskuleleiinga, Statsbygg og fleire lokale og regionale aktørar var måndag samla for å starte opp eit campusprosjekt i Volda.
Babelsk forvirring, Babels tårn, babylonsk fangenskap, hengende hager… Fra Bibelen til diskoteket, fra kileskrift til dataspill. Oppdag Babylon sammen med forfatter Rannfrid Thelle på Høgskulen i Volda torsdag 16. oktober.
– «Ungdomstrinn i utvikling» er det største utviklingsprogrammet i norsk skole siden Reform 2006. Høgskulen i Volda vil samarbeide tett med alle 36 kommunene i Møre og Romsdal med sine 70 ungdomsskoler og flere tusen elever, sier prosjektleder Roy Asle Andreassen.
Ei gruppe lærarstudentar har vore på ekskursjon for å sjå på samanhengen mellom geologi og landskap. –Etter ekskursjonen ser eg på landskapet rundt meg på ein ny måte, seier student Adrian Honstad.
Jan Berset, ordførar i Ulstein kommune, kunne i dag ønskje dei første 340 av i alt vel 700 10. klassingar frå Søre Sunnmøre velkommen til dei 6. Karrieredagane på rad ved Høgskulen i Volda.
Forskarar frå Høgskulen i Volda har nyleg vore i Porto og lagt fram forsking frå prosjektet "Sårbare unge vaksne" i høve "European Conference on Educational Research".