Internasjonalt forskingssamarbeid
Forskarar frå Høgskulen i Volda utanfor Universitetet i Porto. Frå venstre professor Rune Kvalsund, førstelektor Vidar Myklebust, professor Irene Bele, høgskulelektor Gerd Skjong, professor Jon Olav Myklebust og dr.gradsstipendiat Emmy Langøy.
Bidraga frå Volda-forskarane vart presenterte på eit symposium initiert og administrert av Rune Kvalsund (Høgskulen i Volda) og Ewelina Rydzewska (University of Stratchclyde, Skottland). Forskarar frå England, Skottland, Kypros og Finland leverte også papers til symposiet. Bidraga skal seinare omarbeidast til artiklar og publiserast i eit spesialnummer i eit fagtidsskrift.
Gruppemedlemmer skal i nær framtid også delta på symposium i Society for Longitudinal and Life Course Studies i Lousanne. Temaet er kvalitative metodar i livsløpsforskinga.
Forskingsgruppa, som i alt har ni medlemmer ved Høgskulen i Volda, har også etablert Forum for livsløpsforsking som dette skuleåret skal skipe til fem opne møte med både eksterne og interne fagfolk som innleiarar. Målgruppa her er kollegaer som er interesserte i livsløp og longitudinell forsking.