Kvifor er det slik akkurat her?
30 samfunnsfagstudentar ved grunnskulelærarutdanninga var nyleg med på ein tradisjonsrik haustekskursjon onsdag 24. september.
– Kunnskap om naturen rundt oss gjev glede og engasjement. Målet med ekskursjonen var å kaste lys over samanhengar mellom vår geologiske historie og dagens landskap, seier Odd Ragnar Hunnes ved Institutt for planlegging, administrasjon og samfunnsfag.
Bussturen gjekk frå Folkestad, via Nordfjordeid, over Heggjadalen til Austefjorden og tilbake til Volda. Norleif Vik var ekskursjonsleiar. I felten er lærebøkene erstatta med observasjon, kartskisser, tekst og forklarande figurar. Både Vik og Hunnes har arbeidd mykje med å auke kunnskapen vår om landskapsformer og ulike andre fenomen i naturen i området vårt.
Studentgruppa ved ei israndavsetjing ved Fossebakken i Eid kommune.
Dei fagansvarlege fortel at studentane skal levere ei skriftleg oppgåve der dei mellom anna skal skrive om tilsvarande observasjonar frå si heimkommune.
– Det å setje vår lokale geologi inn i ein større samanheng, og prøve å forklare den lokale landskapsutviklinga som har gått føre seg både før, under og særleg etter den siste istida, skaper interesse for vår lokale naturgeografi, seier Vik og Hunnes.
Marin leire som er komen til syne i ei ny vegskjering på veg mot Nordfjordeid.
Eit lite stopp ved paddestatuen i Austefjorden.