Oppstart v-2017: Migrasjon, kjønn og religion
Menneske har alltid vore på flyttefot, av tvang, av naud eller av fri vilje, på leiting etter mat, tryggleik eller arbeid. Migrasjon er knytt til oppbrot, men fører òg til nye møte mellom menneske og kulturar.
– Kjønn og religion er to faktorar som kan ha mykje å seie i migrasjonssituasjonen. Grunnane til og vilkåra for migrasjon kan vere ulike for kvinner og menn. Religion kan vere ei hjelp, men òg ei hindring i dei kulturmøta som oppstår, seier professor Inger Marie Okkenhaug.
Tre delemne
Delemnet «Migrasjon som forskingsfelt. Nyare europeisk arbeidsmigrasjon» gir ei innføring i migrasjonsforsking som tverrfagleg forskingsfelt og døme på teoretiske og metodiske innfallsvinklar, med særleg vekt på kva rolle kjønn og religion kan spele i migrasjonssituasjonen.
Omgrep som «integrering» og «transnasjonalitet» vil bli belyst ved hjelp av kasus frå forsking på nyare europeisk arbeidsmigrasjon.
– Professor II Anders Aschim har ansvaret for dette delemnet. Her ser vi på migrasjon til Noreg i dag og i nær fortid. Vi får vi inn eit regionalt perspektiv ved at vi ser på migrasjonen til Sunnmøre og situasjonen til katolske arbeidsinnvandrarar, seier Okkenhaug.
«Norsk migrasjon til Nord-Amerika 1860-1940» drøftar norsk migrasjon til Nord-Amerika og vil ha fokus på kjønn, religion og arbeid i spesifikke norsk-amerikanske immigrasjonssamfunn. Omgrep som «komplementær identitet», «hybride immigrantkulturar», «integrering» og «transnajonale nettverk» vil bli diskutert i forhold til empirisk materiale.
– Her ser vi mellom anna på korleis einslege mannlege immigrantar og einslege kvinnelege immigrantar opplever migrasjonssituasjonen, nettverk, integrasjon i det nye samfunnet, tilhøvet til «gamlelandet», utveksling av informasjon om korleis og kvar ein skulle reise, seier ho.
Det tredje delemnet er «Tvungen migrasjon. Flyktningar i Europa og Midt-Austen». Emnet tar opp dei store flyktningkrisene etter dei to verdskrigane i Europa og set fokus på armenske, palestinske og syriske flyktningar i Midt-Austen.
Ein ser på framveksten av eit internasjonalt humanitært regime frå om lag 1900 til i dag og drøftar kva rolle terminologi, definisjonar og internasjonale avtaler speler for rettstilstanden til tvungne migrantar.
– Her har vi eit samarbeid med Kjersti Gravelsæter Berg ved Universitetet i Bergen som har skrive doktorgrad om palestinske flyktningar.
Studiestart våren 2017
Det er mogeleg å gjennomføre emnet som sjølvstendig studium våren 2017. To andre emne går også våren 2017 som sjølvstendige studium: KUM 304 Al-Andalus - politisk hegemoni og kulturell pluralisme i iberisk mellomalder 711-1501 og KUM305 Brennpunkt Midtausten.
Kompetanse og vidare studium
– Master i kulturmøte gir nyttig og etterspurd kompetanse i dagens globaliserte samfunn, der kulturmøta er meir omfattande og intense enn tidlegare. Mange yrkesgrupper bruk for å auke kompetansen på dette feltet, seier Okkenhaug.
I studieplanen les vi at emna i mastergraden har relevans for ulike yrkesvegar i internasjonalt arbeid, arbeid i organisasjonar og politiske parti, i forskings- og utgreiingsarbeid (FoU), i skuleverket, i medie- og informasjonsverksemd, i offentleg og privat forvaltning, i ABM-sektoren og kultursektoren.
Mastergraden kvalifiserer til opptak ved doktorgradsstudium og ein vidare karriere som forskar.