Konferanse om rom for lesing og skriving på nynorsk

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

- Kor mykje nynorsk tekst må ein sjå rundt seg for å verte ein trygg nynorskskrivar? spør Anne Steinsvik Nordal, leiar ved Nynorsksenteret. - Nynorske tekstar er mangelvare i fjernsyn, aviser og andre medium. Kva bør skulen gjere for at elevane skal lære å skrive nynorsk? Svar på spørsmåla får du kan hende på denne konferansen.

Konferansen handlar om korleis ein kan utvikle lese- og skrivekompetanse på ungdomssteget og i vidaregåande skule. Innleiarane har brei røynsle i møte med elevar innanfor forsking, skriving og formidling. Særleg vil samanhengen mellom lesing og skriving med utgangspunkt i nynorsk tekst vere i fokus.

Detaljert program og omtale av innleiarane finn de på www.nynorsksenteret.no/konferanse/

hertzberg520

Professor Frøydis Hertzberg

Del på