IPA304 Leiing og personalutvikling
Ingen.
I dette emnet blir teori og empiri om leiing kombinert med studentane sine eigne erfaringar, med sikte på å kvalifisere dei som leiarar. Emnet er delt i tre tema, som i hovudsak følgjer den mykje brukte inndelinga i strategisk, taktisk og operativ leiing.Temaet strategisk leiing skal gi kandidatane grundig kunnskap om modernisering av offentlig sektor og forståing av dei mest sentrale perspektiva i fagområdet strategisk leiing. Det gjeld mellom anna strategiske utfordringar som privatisering og konkurranseeksponering, organisasjonsendring og strategisk posisjonering. Temaet administrativ leiing og styringssystem skal skape medvit om at effektivitet er eit mangetydig og kontroversielt omgrep, og at tenesteyting skal oppfylle mange og til dels motstridande mål, som stiller store og ulike krav til god leiing. Stikkord i den samanhengen er diagnostiske styringssystem, mål- og resultatstyring, kvalitetsstyring, læring og innovasjon. Temaet operativ leiing tek for seg sentrale funksjonar i det daglege møtet med medarbeidarar og leiar si rolle i arbeidet med personalutvikling. Leiarskap og sosiale relasjonar, verdibasert leing, teambygging, coaching, sjølvleiing, konflikthandtering og medarbeidarskap er sentralt i tilknyting til temaet operativ leiing.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha
- heilskapleg forståing av leiingsfunksjonen i organisasjonar
- kritisk og konstruktiv forståing av korleis modellar og leiingsverktøy kan nyttast for å oppnå målretta utvikling
Studenten skal ha
- praktisk og fagleg godt fundert handlingskompetanse i personalutvikling.
Studenten skal ha
- evne til sjølvstendig refleksjon og læring rundt si rolle som leiar.
Undervisninga er organisert i samlingar. Planen for desse vert gjort kjent i løpet av juni. Undervisning vil i hovudsak foregå fysisk og skal ikke strøymast.
Undervisninga er lagt opp med ein kombinasjon av forelesingar, dialog, gruppearbeid, presentasjon,drøfting i plenum og andre studentaktive undervisningsformer. Mange av studentane på emnet tradisjonelt lang yrkeserfaring og mange ulike utdannningsbakgrunnar. Denne ressuren blir nytta i det pedagogiske opplegget. Det blir difor lagt vekt på praktiske øvingar med utgangspunkt i deltakarane sine eigne utfordringar, og gitt høve til drøfting av relevante problemstillingar frå deltakarane sin yrkeskontekst. På delar av samlingane vil det vere med gjesteførelesarar frå privat og offentleg sektor som tematiserer teorielement i relasjon til praktisk yrkesliv.
Det blir forventa at deltakarane driv sjølvstudium mellom samlingane og at dei leverer heimeoppgåver for kommentering. Deltakarane får tilgang til eit elektronisk klasserom (i Canvas), der program for samlingar, førelesingar m.m. vert tilgjengeleg, og der deltakaren kan levere oppgåver for kommentar og kommunisere med lærarar og med kvarandre. Vurderingsforma er lagt nær opp til arbeidsformer i praktisk leiing og personalutvikling. Studentane kan i heimeoppgåver ta utgangspunkt i praktiske problem og drøfte desse sjølvstendig og kritisk i lys av pensum.
Meir informasjon om tidspunkt for oppmøte og samlingar ligg i Canvas
Skrive og få godkjent to individuelle arbeidskrav som skal ta utgangspunkt i problemstillingar gitt av faglærar.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 9-4.
- Health and Social Sciences - master
- Planning and Leadership - master (part time)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Home exam | Individual | 3 Days | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Digital eksamen. Oppgåveteksten blir gitt kl 09:00 fyrste eksamensdag, med innlevering kl 14:00 tredje eksamensdag. | Heimeoppgåve med eit omfang på 3000 ord (+/- 10%). Innhaldsliste, tabellar, figurar og referanseliste kjem i tillegg. |