Praktisk-pedagogisk utdanning, allmennfag
Årsstudium Yrkesutdanning
Praktisk pedagogisk utdanning (PPU) kvalifiserer deg til å vere lærar frå 5. klasse i grunnskulen og til og med vidaregåande. Utdanninga er også relevant i høve folkehøgskule, kulturskule eller andre opplæringsarenaer. Studiet er samlingsbasert med nettstøtte.
PPU deltid vert tilbode hausten 2024 i Volda, men grunna for få søkarar vert det ikkje oppstart i Kristiansund.
Ønskar du meir informasjon om blant anna praksis eller har andre spørsmål om PPU? Det finn du her:
Informasjonsside for Praktisk - pedagogisk utdanning (PPU)
- Deltid, Samlingar
- Varigheit 4 semester (2 år)
- 60 studiepoeng
- Start haustSøknadsperiode 01.02.2025 - 15.04.2025
- Opptakskrav
- Fullført mastergrad som inneheld minst ett relevant fag som gir kompetanse til å undervise, eller
- Bachelorgrad med inntil tre fag som gir kompetanse til å undervise i praktiske og/eller estetiske fag i grunnskule. Det må inngå fordjuping på minst 120 studiepoeng i eit fag. Øvrige fag må ha eit omfang på minst 30 studiepoeng. Det stilles krav om gjennomsnittskarakter C (3,0) eller betre frå bachelorgraden. For HVO sine bachelorprogram vil dette gjelde bachelorgrad i Design, kunst og handverk, Idrett og kroppsøving og Musikk. Merk at dette punktet gjeld for opptaket til og med hausten 2024. Frå opptaket hausten 2025 vil masterkravet også gjelde i desse faga.
Meir om PPU her på Spørsmål og svar.
- Studieplan
Studieinnhald
Praktisk pedagogisk utdanning er bygd opp med undervisning i pedagogikk, fagdidaktikk og praksis. Fagdidaktikken avheng av kva utdanningsbakgrunn du har frå før. Praksis er på totalt 60 dagar i både på ungdomssteg og vidaregåande skule
Ved Høgskulen i Volda kan ein ha fagdidaktikk innanfor:
- Musikk
- kunst og handverk
- kroppsøving
- religion og livssyn
- samfunnsfag
- norsk,
- engelsk/framandspråk
- realfag (matematikk/naturfaga)
- mediefag.
Tilbodet i Kristiansund vil vere spesielt retta mot deg som har musikkfagleg bakgrunn, og vil handle spesielt om lærarrolla i skule og kulturskule. For studentar med andre fag og som ønsker ta studiet i Kristiansund treng du kun å reise til Volda for dei didaktikksamlingane som er knytt til faget ditt (1-2 samlingar i halvåret).
Praksis og utveksling i utlandet
Delar av praksis kan etter avtale gjennomførast i utlandet. Høgskulen i Volda har eit stort internasjonalt nettverk og PPU har eit samarbeid med skular i Frankrike og Austerrike.
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
I PPU får du undervisning i pedagogikk og fagdidaktikk som er relevant for lærarrolla, og ein får prøve seg i denne rolla i praksisperiodane.
Undervisninga er samlingsbasert med 6 fysiske samlingar per studieår, kvar med omfang på 2-3 dagar (onsdag - fredag). Samlingane vil bli lagt til Volda, Ålesund og Molde. I tillegg vert det digitale samlingar på ettermiddagstid. Det er også 6 veker obligatorisk praksis i skule kvart studieår. I løpet av desse vekene får ein verkeleg kjenne på den spanande og engasjerande lærarkvardagen!
Første studieår består av Pedagogikk 1, Didaktikk 1 og praksis 1. Emna vert avslutta med ein felles tre dagars heimeeksamen. Praksis vert vurdert stått/ ikkje stått.
Andre studieår består av Pedagogikk 2 med ei semesteroppgåve og med munnleg eksamen. Didaktikk 2 er det mappeeksamen, tilpassa ulike fag sine eigenartar. Praksis 2 vert vurdert stått/ ikkje stått.
Arbeidsformene i studiet er ein kombinasjon av forelesingar, gruppearbeid, presentasjon av studentane sitt arbeid i plenum, sjølvstudium og dialog i plenum.
I opptaksbrevet vil det gå fram om ein vert vurdert som eitt-fagleg eller to-fagleg, basert på kva utdanningsbakgrunnen din er. Det er dette som avgjer kva fagdidaktikk du skal ha og kva arbeidskrav som høyrer til desse. Du skal også i utgangspunktet ha praksis i dei faga du har undervisningskompetanse i.
Alle emna har krav om 80% oppmøte på undervisningsaktivitetar.
Praksisperioda:
I løpet av januar - mars første studieår og august - desember andre studieår skal du ha 6 velers praksis i både ungdomskule og videregåande skule. Andre opplæringsarenaer som til dømes kulturskule, folkehøgskule eller voksenopplæring kan også vere aktuelt etter ei individuell vurdering. Kvar student får ein eller fleire praksislærarar som er med i alle timane og dermed skal sikre at praksis vert både veileda og vurdert.
Studentar får sjølve vere med på å påverke, og kan hjelpe til med å finne praksisstad, men praksisstad og praksisopplegg skal godkjennast, og avtale skal inngåast direkte mellom praksiskontoret ved HVO og praksisstad.
For studentar med tilsetjingsforhold i skulen kan inntil 50% av praksis gjennomførast på eigen arbeidsplass.
I praksisperioden er det krav om 100 % oppmøte. Etter avtale med praksiskontoret er det mogleg å ha praksis på 2-3 dagar i veka og strekke praksisperioden over 10 veker i staden for 5 dagar per veke i 6 veker. Du må organisere deg (arbeid og livssituasjon) slik at du har høve til å gjennomføre praksisperioden i det aktuelle tidsrommet. Merk at det også er undervisning i praksisperioden, både digital og fysisk.
Aktuelle yrke og vidare studium
Praktisk pedagogisk utdanning er ei profesjonsutdanning som kvalifiserar for lærararbeid på mellom- og ungdomssteget i grunnskulen, i vidaregåande skule og i vaksenopplæringa. Utdanninga er også relevant for andre som arbeider med utdanning, formidling og opplæring.
Tidspunkt for oppmøte og samlingar
Første undervisningsdag er 21. august kl. 15.00 - 17.00 på Zoom. Lenke finn du i Canvasrommet.
Første fysiske samling for dei som skal studere i Volda er 4. september kl. 14.30 - 18.15. Vi møtast på Kaarstad 109 (For kart sjå her)
All informasjon om samlingar og tidspunkt for praksis finn du her: Samlingsruter for PPU
Ver merksam på at det er eigne planar for kvar studieretning (heiltid, deltid, allmenn-/yrkesfag) og studiestad (Volda eller Kristiansund):
Pensum
Pensumlister finn du på denne sida
I lista skal du finne :
PPUD-PED1 Pedagogikk 1 og ditt/dine didaktikkemne, PPUD-DID1xx*
*xx Avhengig av kva fag du er tatt opp på.
Studieplan
Praktisk-pedagogisk utdanning, allmennfag (deltid)
Praktisk-pedagogisk utdanning kvalifiserer for undervisning 5. -13. trinn i grunn- og vidaregåande skule. Studiet er profesjonsretta, forskings- og erfaringsbasert med pedagogikk, fagdidaktikk og praksisopplæring i samanheng.
Studiet skal utvikle komande lærarar sine evne til å sjå det unike ved kvart enkelt individ, til samhandling med elevane og til å stimulere elevane til læring og utvikling. Utdanningsprogrammet skal engasjere studenten i vitskaplege/kunstfaglege arbeidsformer, kritisk tenking og forskings- og utviklingsbasert kunnskap, basert både på nasjonal og internasjonal forskingslitteratur.
Eit godt læringsutbytte krev eigeninnsats gjennom sjølvstudium, deltaking i undervisning og praksis, samt diskusjon og refleksjon i gruppe eller plenum. Praktisk-pedagogisk utdanning skal legge til rette for profesjonslæring hos den enkelte. Studiet skal kvalifisere til å vidareutvikle skulen som institusjon for læring og danning i eit demokratisk og globalt samfunn. Barn og unge sin rett til opplæring i tråd med opplæringslova og gjeldande læreplanverk for 5-13 trinn er grunnlaget for studiet. Studiet rekrutterer også til arbeid i kulturskular og frivillig sektor.
PPU ved Høgskulen i Volda vektlegg faga sin eigenart i skulen, profesjonsbasert digital kompetanse for læring, og verdien av praktisk estetisk læringsarbeid i skulen. Mykje av undervisningsaktivitetane på studiet er nettbasert, og med undervisning både i sanntid og asynkront. Studiet har også fysiske samlingar.
Utdanninga byggjer på Forskrift om rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning, fastsett 21. desember 2015 av Kunnskapsdepartementet:
https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2015-12-21-1771
Forskrifta skal sikre at det blir gitt ei utdanning som er profesjonsretta og basert på forsknings- og utviklingsarbeid og erfaringsbasert kunnskap. Utdanninga skal ha høg fagleg kvalitet og skape heilskap og samanheng mellom fagstudier, pedagogikk, fagdidaktikk og praksisopplæring. Utdanninga skal forhalde seg til opplæringslova og gjeldande læreplaner for grunnopplæringen. Utdanninga skal også kvalifisere til å ivareta opplæring om samiske forhold, mellom anna kjennskap til statusen urfolk har internasjonalt, og samiske barn og ungdom sin rett til opplæring i tråd med opplæringslov og gjeldande læreplanverk.
Det er i tillegg utarbeidd nasjonale retningslinjer for utdanninga: https://www.uhr.no/_f/p1/i13d351d8-d4a8-4c93-ac64-f0d2fbbdc6c6/godkjente-retningslinjer-ppu.pdf
Dei nasjonale retningslinjene skal utfylle forskrifta og sikre ei nasjonalt koordinert lærarutdanning som oppfyller krava til kvalitet i utdanningen. Læringsutbytteformulerningar i dei ulike emneplanane i studiet byggjer på læringsutbytteformuleringar gitt i nasjonale retningslinjer.
I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram
- har inngåande fagdidaktisk og pedagogisk kunnskap for relevante trinn
- har brei forståing for skulen sitt mandat, opplæringa sitt verdigrunnlag og opplæringsløpet
- har kunnskap om og evne til å halde seg oppdatert på gjeldande lov- og planverk for profesjonsutøvinga
- har brei kunnskap om barne- og ungdomskultur og barn og ungdom si utvikling og læring i ulike sosiale og kulturelle kontekstar
- har oppdatert kunnskap om læringsstrategiar, læringsarenaer og arbeidsmetodar generelt og særleg i respektive fag
- har kunnskap om barn og unge i vanskelege livssituasjonar, herunder kunnskap om vald og seksuelle overgrep, og om barn og unge sine rettar i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv
- har kunnskap om korleis skulen kan jobbe for å fremje livsmeistring, helse og trivsel hos barn og unge
- kan planlegge, gjennomføre og reflektere over undervisning basert på forskings- og utviklingsarbeid og erfaringsbasert kunnskap
- kan leie og legge til rette for undervisningslaup som fører til gode faglege og sosiale læringsprosessar
- kan bruke varierte arbeidsmetodar, differensiere og tilpasse opplæring i samsvar med gjeldande læreplanverk, og skape motiverande og inkluderande læringsmiljø
- kan beskrive kjenneteikn på kompetanse, vurdere og dokumentere elevar si læring, gi læringsfremjande tilbakemeldingar og bidra til at elevane kan reflektere over eiga læring og eiga fagleg utvikling
- kan identifisere særskilde behov hos barn og unge, herunder identifisere teikn på psykiske vanskar, vald eller seksuelle overgrep. På bakgrunn av faglege vurderingar skal kandidaten raskt kunne setje i verk nødvendige tiltak
- kan reflektere over pedagogiske og fagdidaktiske problemstillingar på eit avansert nivå
- har ei profesjonell holdning og kan kritisk reflektere over faglege, profesjonsetiske og fag- og utdanningspolitiske spørsmål
- kan med stor grad av sjølvstende vidareutvikle eigen kompetanse og bidra til elevar, kollegaer og skulen si utvikling
- kan bygge relasjonar til elevar og føresette, og samarbeide med aktørar som er relevante for skuleverket
Utdanninga er sett saman av desse emna:
30 stp pedagogikk delt opp i to emne på 15 stp kvar.
30 stp fagdidaktikk delt opp i to emne på 15 stp kvar.
Minimum 60 dagar praksis i grunn- og vidaregåande skule, fordelt i to emne med 30 dagar praksis i kvart.
For dei fleste fagområda innan allmenne fag er det krav om mastergrad. Studentar med undervisningskompetanse i eitt skulefag, skal ha fagdidaktikk i det primære faget. Studentar med undervisningskompetanse i fleire fag følgjer undervisnings- og læringsaktivitetar i eitt sekundært fag, om dette er praktisk mogleg.
Ein del av undervisninga vil vere samkøyrt med undervisninga for PPU heiltid.
Praktisk pedagogisk utdanning er eit profesjonsstudium som skal kople saman studentane sin fagkompetanse med pedagogikk, fagdidaktikk og praksis, og innhaldet i dei ulike emna i studiet må sjåast i samanheng. Gjennom læringsarbeid knytt til dei ulike delane av studiet, skal studentane tileigne seg eit samla læringsutbytte som gir grunnlag for arbeidet som lærar, og som gir ein kunnskapsbase som skal vidareutviklast gjennom heile yrkeskarrieren.
Emne | 2024 Haust | 2025 Vår | 2025 Haust | 2026 Vår |
---|---|---|---|---|
7.5 | 7.5 | |||
* | * | |||
7.5 | 7.5 | |||
* | * | |||
Fagdidaktikk | 7.5 | 7.5 | 7.5 | 7.5 |
7.5 | 7.5 | |||
7.5 | 7.5 | |||
7.5 | 7.5 | |||
7.5 | 7.5 | |||
7.5 | 7.5 | |||
7.5 | 7.5 | |||
7.5 | 7.5 | |||
7.5 | 7.5 | |||
7.5 | 7.5 | |||
7.5 | 7.5 | |||
7.5 | 7.5 | |||
7.5 | 7.5 | |||
7.5 | 7.5 | |||
7.5 | 7.5 | |||
7.5 | 7.5 | |||
7.5 | 7.5 | |||
7.5 | 7.5 | |||
7.5 | 7.5 | |||
Sum (60 total) | 15 | 15 | 15 | 15 |
Praktisk- pedagogisk utdanning er ei av utdanningane med krav om skikkavurdering, dvs. at ein student vil bli vurdert om han/ho har dei faglege og personlege føresetnadane for yrkesutøvinga som utdanninga kvalifiserer til, jmf. Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-14.
Viser også til Forskrift om skikkethetsvurdering i høyere utdanning:
https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-06-30-859?q=skikkethets
Les meir om skikkavurdering ved Høgskulen i Volda her: https://www.hivolda.no/students%C3%B8rvis/regelverk/skikkavurdering
Praktisk pedagogisk utdanning er praksisbasert, der praksis i skule er ein integrert del av opplæringa i pedagogikk og fagdidaktikk. Det skal minimum vere 60 dagar praksis i studiet. Praksisopplæringa skal vere rettleia, vurdert og variert.
Praktisk pedagogisk utdanning allmennfag er retta mot undervisning i allmennfag i grunnskulen og i vidaregåande opplæring. Praksis skal vere både i grunn- og vidaregåande skule. For studentar med bakgrunn i dei praktiske- og estetiske faga er det også aktuelt med inntil 50% av praksis i kulturskulen. Det kan også vere aktuelt med delar av praksisen i vaksenopplæring.
Emneplan for praksis gir nærmare omtale av praksisorganisering og læringsutbytte for praksis. Høgskulen i Volda har praksisskuleavtalar med skular i Møre og Romsdal og Nordfjord, men legg også til rette for praksis andre stadar i Noreg. Som ein del av internasjonaliseringsarbeid kan Høgskulen i Volda også tilby delar av praksisopplæringa i utlandet.
Studentar kan etter avtale få gjennomføre delar av praksis i utlandet.
- Deltid, Samlingar
- Varigheit 4 semester (2 år)
- 60 studiepoeng
- Start haustSøknadsperiode 01.02.2025 - 15.04.2025
- Opptakskrav
- Fullført mastergrad som inneheld minst ett relevant fag som gir kompetanse til å undervise, eller
- Bachelorgrad med inntil tre fag som gir kompetanse til å undervise i praktiske og/eller estetiske fag i grunnskule. Det må inngå fordjuping på minst 120 studiepoeng i eit fag. Øvrige fag må ha eit omfang på minst 30 studiepoeng. Det stilles krav om gjennomsnittskarakter C (3,0) eller betre frå bachelorgraden. For HVO sine bachelorprogram vil dette gjelde bachelorgrad i Design, kunst og handverk, Idrett og kroppsøving og Musikk. Merk at dette punktet gjeld for opptaket til og med hausten 2024. Frå opptaket hausten 2025 vil masterkravet også gjelde i desse faga.
Meir om PPU her på Spørsmål og svar.
- Studieplan
Søknadskode : 4301 (Volda) 4401 (Kristiansund)