PPU praksis

Praktisk-pedagogisk utdanning, yrkesfag

Årsstudium Yrkesutdanning

Har du fag-/sveinebrev eller ei profesjonsutdanning frå høgskule eller universitet? 

Praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag (PPU-Y)  er eit påbyggingsstudium som kvalifiserer til arbeid som lærar. Det betyr at du byggjer PPU-Y på kompetansen du allereie har, slik at du kan undervise i yrkesfaglege programområder i vidaregåande opplæring. Behovet for kompetente yrkesfaglærere er stort!

Studiet vert tilbode frå hausten 2024 både i Volda og i Kristiansund.

Ønskar du meir informasjon om blant anna praksis eller har andre spørsmål om PPU? Det finn du her:

Informasjonsside for Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)

 

  • Deltid, Samlingar
  • Varigheit 4 semester (2 år)
  • 60 studiepoeng
  • Start haust
    Søknadsperiode 01.02.2025 - 15.04.2025
  • Opptakskrav

    Studentar med yrkesfagleg kompetanse vert tekne opp på eitt av følgjande to grunnlag:

    a. Fullført treårig profesjonsretta universitets- eller høgskuleutdanning og minimum to års relevant yrkespraksis. Profesjonsretta utdanning er i denne samanhengen utdanning som kvalifiserer for undervisning på yrkesfaglege studieretningar i vidaregåande opplæring, t.d. fagskule/høgare utdanning.

    b. Generell studiekompetanse og fag-/sveinebrev eller anna fullført treårig yrkesutdanning på vidaregåande nivå, to års relevant yrkesteoretisk utdanning og minimum fire års yrkespraksis. To år av læretida kan inngå i praksiskravet. Lengre yrkespraksis og god yrkesteoretisk utdanning kan etter individuell vurdering kompensere for kravet om generell studiekompetanse.

    Ved opptak til praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag prioriterer vi slik:

    a. Søkjarar med fullført masterstudium/hovudfag og med relevant undervisningsfag for vidaregåande skule.

    b. Søkjarar med bachelor-/cand.mag.-grad og med relevant undervisningsfag for vidaregåande skule.

    c. Søkjarar som tilfredsstiller krava til generell studiekompetanse og fag-/sveinebrev eller anna fullført treårig yrkesutdanning på vidaregåande nivå, yrkesteoretisk utdanning og minimum to års yrkespraksis. Studentane i denne gruppa vert prioriterte etter utdanning og yrkespraksis.

     

    Les mer om opptak til PPU på Lovdata.

    Meir informasjon på sida om Spørsmål og svar.

  • Studieplan

Innblikk i studiekvardagen

Møt Borge som gjekk frå verkstaden til læraryrket og Tommy som er utdanna kjemiingeniør og i dag stortrivst med å undervise kjekke ungdommar på ungdomskulen.

Søknadsfrist 15. april: Møt Borge som gjekk frå verkstaden til læraryrket og Tommy som er utdanna kjemiingeniør og i dag stortrivst med å undervise kjekke ungdommar på ungdomskulen.

– Eg har alltid vore glad i å lære bort det eg kan, anten det har vore viktige eller uviktige ting. Det er tilfredsstillande å sjå at andre meistrar det du prøver å lære dei, synest Borge Austnes, som begynte på praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) i ein alder av 53 år i 2017.

Han er eksempelet som viser at det er mange vegar inn til læraryrket. Austnes har mekanisk bakgrunn frå vidaregåande skule, der han også tok eit år elektrofag. Etter det har han jobba som servicemekanikar, drevet sin eige bensinstasjon med verkstad i 19 år, gått fagskole for mekaniske fag, vore teknisk driftsleiar i ein kommune, før han freista lykka i skulen som lærar.

Mangla pedagogikk

I samband med at han gjekk teknisk fagskule for om lag ti år sidan var ein kjenning som sat i leiinga ved Ålesund vidaregåande skule interessert i å tilsette han som lærar.

Borge Austnes
Borge Austnes

Austnes takka nei, men tanken om å bli lærar låg etterpå i bakhovudet hans og i 2016 gjorde han alvor av det.

Då tok Austnes til ved Ålesund vidaregåande skule og underviste hovudsakleg for elevar på Teknikk og industriell produksjon (TIP). Han hadde den faglege kompetansen som skulle til, men mangla den pedagogiske biten.

Difor tok Austnes til på Praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag på deltid ved Høgskulen i Volda i 2017, og avslutta det toårige løpet i 2019. Han fekk stipend gjennom Utdanningsdirektoratet og vart «kjøpt fri» for å vere med på samlingar i samband med studiet i Volda. 

Nyttige samlingar

For Austnes vart studiet eit pusterom der han fekk tankar og verktøy som gjer at han kan lære bort faget sitt på ein betre måte.

– Det var veldig interessant og eg gleda meg til kvar samling – det var mykje matnyttig å lære. Eg hadde mykje «laus» fagkompetanse som det var fint å få satt i system og lære korleis eg skule lære vekk. Sjølv om det ligg ein del vanleg fornuft bak pedagogikk, fekk eg meg nokre a-ha-opplevingar, innrømmer Austnes.

Ved nokre samlingar overnatta han i Volda og møtte medstudentar til stunder på ettermiddag- og kveldstid som var gull verdt.

– Vi møttest gjerne på hotellet til ein god prat om det vi hadde vore gjennom på skulen. Vi diskuterte fag, delte av erfaringane våre og hjelpte kvarandre. Det var nesten like lærerikt og nyttig det, som timane på skulen, seier Austnes som i dag både er avdelingsleiar og lærar for TIP og maritime fag ved Fagerlia videregående skule i Ålesund.

Kort om PPU

PPU er ei lærarutdanning for deg som har ei utdanning frå før, og som treng pedagogisk kompetanse for å kunne undervise elevar i det faget du har utdanning i. PPU er delt i to studieretningar: PPU for allmennfag, som Høgskulen i Volda tilbyr både som heiltids- og deltidsutdanning, og PPU for yrkesfag.
Med PPU kvalifiserer ein til å bli lærar for 5.–10. årssteg i grunnskulen og vidaregåande skule.


Høgskulen i Volda tilbyr: 

PPU allmennfag

PPU allmennfag er for dei med kompetanse i faga norsk, musikk, samfunnsfag, framandspråk, religion, livssyn og etikk, naturfag, matematikk, kroppsøving, mediefag og kunst og handverk.
Opptakskrav for PPU allmennfag:

  • Fullført mastergrad som inneheld minst eitt relevant fag som gir kompetanse til å undervise,  jf. forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova kapittel 14.

    Eller
     
  • Bachelorgrad med inntil tre fag som gir kompetanse til å undervise i praktiske og/eller estetiske fag i grunnskule. Eitt av faga kan erstattast av drama/teaterfag. Det må inngå fordjuping på minst 120 studiepoeng i eit fag. Øvrige fag må ha eit omfang på minst 30 studiepoeng. Det stilles krav om gjennomsnittskarakter C eller betre frå bachelorgraden. For HVO sine bachelorprogram vil dette gjelde bachelorgrad i Design, kunst og handverk, Idrett og kroppsøving og Musikk.

PPU yrkesfag

PPU yrkesfag er aktuelt for deg som har fullført treårig profesjonsretta universitets- eller høgskuleutdanning (eks. sjukepleiar eller ingeniør), og minst to år med relevant praksis etter fullført utdanning. Profesjonsretta utdanning er i denne samanhengen utdanning som kvalifiserer for undervisning på yrkesfaglege studieretningar på vidaregåande opplæring. 

PPU Yrkesfag er også for dei med fagbrev eller annan fullført yrkesutdanning på vidaregåande nivå. Det er krav om generell studiekompetanse, to år med yrkesteoretisk utdanning og minst fire år med relevant praksis - inntil to års læretid vert rekna som ein del av relevant praksis.
 

Frå ingeniør til lærar

Då oljekrisa ramma verda i 2014 var Tommy Furuli nyutdanna kjemiingeniør – på verst mogleg tidspunkt med andre ord. Han vart kall inn til nokre jobbintervju, men alle med same tilbakemelding som resultat: «Beklagar, vi har stopp i tilsettingar no».

Tommy Furuli
Tommy Furuli

Det gjorde at moldensaren måtte tenke annleis og prøvde lykka i læraryrket. Han fann seg fort til rette bak kateteret og skjønte etter kvart at pedagogisk utdanning var både nødvendig og viktig i yrket. Derfor ble PPU allmennfag ved Høgskulen i Volda vegen å gå for Furuli.

– Slik som det utarta seg etter ingeniørutdanninga mi, vart PPU og læraryrket ein fin veg for meg. Det er glimrande å kunne bygge på fagkompetanse sin med pedagogisk kompetanse, slik at ein kan lære bort faget sitt, seier Furuli.

Rik pedagogisk verktøykasse

I dag jobbar han ved Volda ungdomsskule og underviser i matematikk, naturfag, teknologi i praksis og kroppsøving, i tillegg til å være tilsett som hovudtrenar og trenarkoordinator i Ørsta handball. 

– Eg får brukt pedagogikken både som lærar og trenar. No har eg ei verktøykasse med gode faglege og pedagogiske verktøy som det er lett å ta drage nytte av, fortel Furuli, som ikkje er i tvil om kva han fekk mest utbytte av gjennom PPU-utdanninga si i Volda:

– Samtalane og diskusjonane med medstudentane og lærarane både før, etter og i undervisninga var svært nyttig. Vi diskuterte pedagogikk og fagdidaktikk, tok med oss erfaringar vi hadde får før og fekk gjennom praksis i studiet og vart klokare saman.

Og var ikkje alt heilt slik som studentane ville ha det i undervisninga, opplevde Furuli dei tilsette ved høgskulen som lydhøyre.

– Eg var tillitsvald i klassa og var i møter med sei som hadde ansvaret for utdanninga. Eg følte dei tok oss på alvor og høyrte på dei vi hadde å seie.


 

Studieinnhald

Praktisk pedagogisk utdanning for yrkesfag er sett saman av undervisning i dei tre områda pedagogikk, yrkesdidaktikk og praksis. I pedagogikk lærar du korleis ein skal legge opp læringsprosessar. I yrkesdidaktikk får du kunnskapar og ferdigheitar i det å lære frå deg eit yrke. I praksisperiodane får du prøvd deg som lærar både på ungdomskule og vidaregåande skule. Det er ein heilskapleg samanheng mellom dei tre områda som saman skal sikre at du utviklar ein trygg og tydeleg yrkesfaglæraridentitet.

 

Praksis og utveksling i utlandet

Delar av praksis kan etter avtale gjennomførast i utlandet. Høgskulen i Volda har eit stort internasjonalt nettverk og PPU har eit samarbeid med skular i Frankrike og Austerrike.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga består av både fysiske samlingar og digital undervisning. Arbeidsformane er varierte  og krev stor grad av studentaktivitet og samarbeid. Den digitale undervisninga går både i sanntid og ved egenarbeid (videoar, oppgåver og liknande). 

Det er obligatorisk deltaking i undervisning og organisert studiearbeid ved HVO, med krav om 80% frammøte.

Praksis

Studenten skal ha to praksisperioder på 30 dagar i kvart semester, totalt 60 dagar praksis i løpet av studiet.

Praksisopplæringa skal vere rettleia, vurdert og variert. Det betyr blant anna at du vil få oppnevnt ein eller fleire praksislærarar som skal følge deg i heile praksisperioda. I hovudsak vil ein få praksis på aktuelle yrkesfaglege områder, men minst 10 dagar skal vere på ungdomsskulen.

Høgskulen i Volda har praksisskuleavtale med fleire skular i vår region, men andre skular i heile landet kan også vere aktuelle som praksisskular etter i konkret vurdering. Vi prøvar å skaffe praksisplassar i området der studenten bur, men nokre fagbakgrunnar må påregne litt lengere reiseveg. På grunn av ønske om kvalitetssikring og likt utbytte av praksis er det praksiskontoret ved HVO som avgjer kvar du skal ha praksis, men vi tek gjerne i mot forslag til praksisstad.  

Inntil 50% av praksis kan gjennomførast på eigen arbeidsplass, for dei som er i tilsetjingsforhold som lærar. For alle gjeld at ein i løpet av studiet også skal gjennomføre minimum 15 dagar samanhengande praksis ved ein annan skule enn der ein er tilsett. Meir informasjon om dette, og avtale vert gjort etter studiestart.

I praksisperioden er det krav om 100 % oppmøte. Etter avtale med praksiskontoret er det mogleg å ha praksis på 2-3 dagar i veka og strekke praksisperioden over 12 veker i staden for 5 dagar per veke i 6 veker. Du må organisere deg (arbeid og livssituasjon) slik at du har høve til å gjennomføre praksisperioden i det aktuelle tidsrommet. Merk at det også er undervisning i praksisperioden, både digital og fysisk.

Aktuelle yrke og vidare studium

Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) er ei yrkesutdanning som primært kvalifiserer for lærararbeid på ungdomssteget i grunnskulen og den vidaregåande skulen. Utdanninga gir også undervisningskompetanse i andre opplæringsarenaer innanfor fagområdet ditt.

Tidspunkt for oppmøte og samlingar

Første undervisningsdag er 22. august kl. 15.00 - 17.00 på Zoom. Lenke finn du i Canvasrommet.

Første fysiske samling  for dei som skal studere i Volda er 28. august kl. 14.30 - 18.15. Vi møtast på Kaarstad 310 (For kart sjå her)

Første fysiske samling for dei som skal studere i Kristiansund er 4. september kl. 14.30 - 18.15. Nærare informasjon om oppmøtestad kjem i Canvas.

 

All informasjon om samlingar og tidspunkt for praksis finn du her:

Samlingsruter for PPU

Ver merksam på at det er eigne planar for kvar studieretning (heiltid, deltid, allmenn-/yrkesfag) og studiestad (Volda eller Kristiansund):

Pensum

Pensumlister finn du på denne sida

I lista skal du finne :

PPUD111 Pedagogikk 1 og PPY121 Yrkesdidaktikk 1

Studieplan

Praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag, 8.-13. trinn (deltid)

Studieprogram: 
Praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag, 8.-13. trinn (deltid)
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
60
Studielengd: 
4 semester
Kull: 
2025
Studieplassar: 
30
Studietype: 
Årsstudium
Organisering
Deltid
Opptakskrav

Opptak til Praktisk pedagogisk utdanning for yrkesfag byggjer på eitt av følgjande to grunnlag:

  • Fullført treårig profesjonsretta universitets- eller høgskuleutdanning og minimum to års relevant yrkespraksis. Profesjonsretta utdanning er i denne samanhengen utdanning som kvalifiserer for undervisning på yrkesfaglege studieretningar i vidaregåande opplæring.
  • Generell studiekompetanse og fag-/sveinebrev eller anna fullført treårig yrkesutdanning på vidaregåande nivå, to års relevant yrkesteoretisk utdanning og minimum fire års yrkespraksis. To år av læretida kan inngå i praksiskravet. Lengre yrkespraksis og god yrkesteoretisk utdanning kan etter individuell vurdering kompensere for kravet om generell studiekompetanse.

Ved opptak til praktisk-pedagogisk utdanning er det krav om å levere politiattest, jf. sentral forskrift 31. januar 2007 nr. 173, Opptak til høyere utdanning, kap. 6.

For nærare reglar om opptak, sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda: https://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/§3-3 

Om studiet

Studieplanen byggjer på Forskrift om rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag for årssteg 8-13, fastsett 18.mars 2013 og nasjonale retningsliner. Studiet tek utgangspunkt i gjeldande læreplanverk for grunnskule og vidaregåande skule og er primært retta mot kvalifisering for undervisning på årssteg 8-13. Praktisk pedagogisk utdanning er profesjonsretta og integrert, praksisnær og relevant, forskingsbasert og utviklingsorientert og har høg kvalitet. Praksis skal vere integrert i alle fag.

Læraryrket er mangfaldig, interessant, engasjerande og krevjande og krev solid kompetanse på fleire område. Forskrift om rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag viser til kompetanseområde som skal ligge til grunn for innhaldet i utdanninga.

Praktisk pedagogisk utdanning yrkesfag er først og fremst retta mot arbeid som yrkesfaglærar i vidaregåande skule, men kvalifiserer òg for lærararbeid på ungdomssteget, instruktør i bedrift, opplæringskontor, anna vaksenopplæring og innanfor høgare utdanning i dei fagområda studenten er kvalifisert for.  

Studiet kvalifiserer til vidare mastergradsstudiar, for studentar som har minimum 180 studiepoeng på universitet- og høgskulenivå.

Nasjonale føringar

Forskrift om rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag for trinn 8-13

https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2013-03-18-289

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studentane følgjande læringsutbytte etter fullført studium:

Kunnskapar

Kandidaten

  • har kunnskap om gjeldande lovverk og styringsdokument som er relevant for profesjons- og yrkesutøvinga
  • har brei kunnskap om yrkesfag, pedagogikk og yrkesdidaktikk, arbeidsmetodar/ verktøy og prosesser som er relevante for profesjons- og yrkesutøvinga
  • kan sjå yrkesopplæringa og yrkesutøvinga i eit historisk og kulturelt perspektiv
  • har kunnskap om skulen sitt mandat, opplæringa sitt verdigrunnlag og det heilskaplege opplæringsløpet frå ungdomssteget til ferdig fag- eller yrkesopplæring
  • har brei kunnskap om ungdomskultur, ungdomsutvikling og læring i ulike sosiale og fleirkulturelle kontekstar
  • har kunnskap om ungdom i vanskelege situasjoner og deira rettigheiter i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv
  • kjenner til nasjonalt og internasjonalt forskings- og utviklingsarbeid med relevans for lærarprofesjonen innanfor det yrkespedagogiske og yrkesfaglege området, og kan oppdatere sin kunnskap innanfor fagområdet 
Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan bruke sine yrkesfaglege, pedagogiske,yrkesdidaktiske og teknologiske kunnskapar
  • kan planleggje, grunngje, gjennomføre, leie, vurdere og dokumentere relevant fag- og yrkesopplæring tilpassa elevane/lærlingane sitt behov
  • kan identifisere og arbeide systematisk med grunnleggjande ferdigheiter, deriblandt yrkesdidaktisk bruk av digitale verkty
  • kan vurdere og dokumentere elevar si læring og utvikling, gje læringsfokuserte tilbakemeldingar og medverke til at elevane/ lærlingane kan reflektere over eiga læring
  • kan orientere seg i faglitteraturen og stille seg kritisk til informasjonskjelder og eksisterande teori knytt til ungdomssteget og fag- og yrkesopplæring
  • meistrar relevante faglege verkty, teknikkar og uttrykksformer, og kan reflektere over eiga yrkesutøving og justere denne under rettleiing
  • kan bruke og vise til relevante forskingsresultat for å treffe grunngjevne val og gjennomføre systematisk yrkesfagleg og pedagogisk utviklingsarbeid
Generell kompetanse

Kandidaten

  • har innsikt i relevante faglege og yrkesetiske problemstillingar og kan formidle sentralt fagstoff skriftleg, munnleg og gjennom andre dokumentasjonsformer
  • kan gjennom fagleg innsikt, engasjement og formidlingsevne motivere for elevane/ lærlingane si læring, yrkesstoltheit og yrkesidentitet
  • kan analysere eige behov for kompetanseheving og har endrings- og utviklingskompetanse for å møte framtida sine behov i skule, arbeids- og samfunnsliv
  • kan leggje til rette for entreprenørskap, nytenking og innovasjon, og at lokalt arbeidsliv, samfunns- og kulturliv vert involvert i opplæringa
  • kan byggje gode relasjonar til elevar/ lærlingar og skape konstruktive og inkluderande læringsmiljø, også for minoritetar og i manns- eller kvinnedominerte miljø
  • kan byggje gode relasjonar til føresette, kommunisere og samarbeide med andre aktuelle samarbeidspartar.

Læringsutbytte knytt til kvart enkelt emne er nærare skissert i emneplanane.

Organisering og arbeidsmåtar

Praktisk-pedagogisk utdanning er eit yrkesretta, praksisbasert studium. I studiet inngår pedagogikk, yrkesdidaktikk og praksis i skule. Det skal leggjast til rette for samanheng mellom teori og praksis og mellom fag og profesjonsfag. Praktisk pedagogisk utdanning skal knytte teori og praksis saman til eit heilskapleg og integrert studium sikta inn mot framtidig yrke som lærar. Prinsippet om yrkesretting av utdanninga krev at det blir lagt til rette for studentaktive arbeidsformer, praksisbaserte oppgåver og vurderingsordningar som ein del av læreprosessen. Profesjonsfaget er bygd opp rundt tre område: Profesjonskunnskap, profesjonsutøving og profesjonsutvikling, som skal gje kandidatane eit nødvendig fagleg grunnlag for profesjonell utøving av læraryrket. I praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag rommar profesjonsfaget pedagogikk og yrkesdidaktikk,  og praksis er ein integrert del av opplæringa i pedagogikk og yrkesdidaktikk. 

Utdanninga er sett saman av:

  • Pedagogikk 1, 15 stp i første studieår,  og Pedagogikk 2, 15 stp i andre studieår. Emnet Pedagogikk 1 må vere bestått for å kunne gå opp til eksamen i emnet Pedagogikk 2.        
  • Yrkesdidaktikk 1, 15 stp i første studieår, og Yrkesdidaktikk 2, 15 stp i andre studieår. Emnet Yrkesdidaktikk 1 må vere bestått for å kunne gå opp til eksamen i emnet Yrkesdidaktikk 2.
  • Praksis minimum 60 dagar. Praksis inngår i begge studieåra, og praksis må vere bestått for å kunne fullføre studiet.  

Innhaldet i studiet er organisert i to tverrfaglege hovudområde. Hovudområda skal knytast til profesjonsfaget med tilhøyrande praksis. Hovudområde:·        

  1. Leiing av læreprosesser – leiing av lærings-og utviklingsarbeid i eit individ- og gruppeperspektiv.·        
  2. Skulen i samfunnet – leiing av lærings- og utviklingsarbeid i eit organisasjons- og samfunnsperspektiv.

I studiet skal kandidatane gjennomføre eit tverrfagleg utviklingsprosjekt. Utviklingsprosjektet skal kombinere pedagogikk, yrkesdidaktikk og praksis og utgjer 10 stp. av studiet. Utviklingsprosjektet er lagt til 2. studieår.

Det vert lagt vekt på at kunnskap er eit resultat av både teoretisk studium og refleksjon over eigen praksis. Læringsutbyttet vert derfor avhengig av studenten sin eigeninnsats, gjennom sjølvstudium av litteratur, deltaking i undervising og praksis, og diskusjon og refleksjon i gruppe eller i plenum over relevante problemstillingar.

Organisering og frammøtekrav

Deltidstudiet går over fire semester med oppstart i august og avsluttast om våren i det andre studieåret. Kvart studieår vert avslutta med eksamen.

PPU-Y er eit digitalt- og samlingsbasert deltidsstudie over fire semester. Studiet har digitale samlingar i sanntid, i tillegg til fysiske samlingar gjennom året. Enkelte av samlingane kan også verte lagt til andre stadar i Møre og Romsdal. Arbeidsformene i studiet blir ein kombinasjon av førelesingar og dialog i plenum, gruppearbeid, presentasjon av studentarbeid, seminar og sjølvstudium. Gjennom studiet vert det lagt vekt på at kompetanse er eit resultat av både teoretisk studie og refleksjon over eigen praksis. Læringsutbyttet vert derfor eit resultat av studenten sin eigeninnsats gjennom studie av litteratur, deltaking i undervising og praksis, diskusjon og refleksjon i gruppe eller i plenum over relevante problemstillingar.       

Det er krav om obligatorisk frammøte ved:

- undervisingsaktivitetar, både digitalt og fysisk. 

 - førebuing og etterarbeid i samband med praksis

 - gjennomføring av praksis. For praksis er kravet om frammøte minimum 30 +30 dagar i dei to praksisemna.

Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 4-6 om frammøte/ deltaking i undervisninga.

Sjå emnetabellen for meir informasjon om studieløpet.

Praktisk-pedagogisk utdannning for yrkesfag for 8. - 13. årssteg (deltid)
Navn: 
Praktisk-pedagogisk utdannning for yrkesfag for 8. - 13. årssteg (deltid)
Emne2025 Haust2026 Vår2026 Haust2027 Vår
7.57.5
7.57.5
**
2. STUDIEÅR
7.57.5
7.57.5
**
Krav til utstyr eller ferdigheiter

Studenten må ha tilgjenge på eigna utstyr med internett, kamera, høgtalar/headset og mikrofon.   

Krav om skikkavurdering og autorisasjon

Praktisk- pedagogisk utdanning er ei av utdanningane med krav om skikkavurdering, dvs. at ein student vil bli vurdert om han/ho har dei faglege og personlege føresetnadane for yrkesutøvinga som utdanninga kvalifiserer til, jmf. Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-14. 

Viser også til Forskrift om skikkethetsvurdering i høyere utdanning: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-06-30-859?q=skikkethets 

Les meir om skikkavurdering ved Høgskulen i Volda her: https://www.hivolda.no/students%C3%B8rvis/regelverk/skikkavurdering 

 

Praksis

Omfanget av praksis er minimum 60 dagar. Praktisk pedagogisk utdanning er praksisbasert, der praksis i skulen er ein integrert del av opplæringa i pedagogikk og yrkesdidaktikk og er ein læringsarena på line med undervising ved utdanningsinstitusjonen. I praksis skal studentane utvikle sin profesjonskunnskap gjennom å prøve ut og analysere/ vurdere eigne faglege og didaktiske kunnskapar. Praksisopplæringa skal vere rettleia, variert og vurdert. Praksisopplæringa skal hovudsakleg gjennomførast i vidaregåande skule og vere fordelt på dei ulike årsstega i utdanningsprogrammet. Minst ti dagar skal gjennomførast på ungdomssteget. Høgskulen i Volda har praksisskuleavtalar med skular i Møre og Romsdal og Nordfjord, men legg også til rette for praksis andre stadar i Noreg. Som ein del av internasjonaliseringsarbeid kan Høgskulen i Volda også tilby delar av praksisopplæringa i utlandet. Emneplan for praksis gir nærare omtale av praksisorganisering og læringutbytte for praksis.

Internasjonalisering

Delar av praksisopplæringa kan etter avtale gjennomførast i utlandet. 

Ansvarleg
Kathrine Skarseth
  • Deltid, Samlingar
  • Varigheit 4 semester (2 år)
  • 60 studiepoeng
  • Start haust
    Søknadsperiode 01.02.2025 - 15.04.2025
  • Opptakskrav

    Studentar med yrkesfagleg kompetanse vert tekne opp på eitt av følgjande to grunnlag:

    a. Fullført treårig profesjonsretta universitets- eller høgskuleutdanning og minimum to års relevant yrkespraksis. Profesjonsretta utdanning er i denne samanhengen utdanning som kvalifiserer for undervisning på yrkesfaglege studieretningar i vidaregåande opplæring, t.d. fagskule/høgare utdanning.

    b. Generell studiekompetanse og fag-/sveinebrev eller anna fullført treårig yrkesutdanning på vidaregåande nivå, to års relevant yrkesteoretisk utdanning og minimum fire års yrkespraksis. To år av læretida kan inngå i praksiskravet. Lengre yrkespraksis og god yrkesteoretisk utdanning kan etter individuell vurdering kompensere for kravet om generell studiekompetanse.

    Ved opptak til praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag prioriterer vi slik:

    a. Søkjarar med fullført masterstudium/hovudfag og med relevant undervisningsfag for vidaregåande skule.

    b. Søkjarar med bachelor-/cand.mag.-grad og med relevant undervisningsfag for vidaregåande skule.

    c. Søkjarar som tilfredsstiller krava til generell studiekompetanse og fag-/sveinebrev eller anna fullført treårig yrkesutdanning på vidaregåande nivå, yrkesteoretisk utdanning og minimum to års yrkespraksis. Studentane i denne gruppa vert prioriterte etter utdanning og yrkespraksis.

     

    Les mer om opptak til PPU på Lovdata.

    Meir informasjon på sida om Spørsmål og svar.

  • Studieplan
Stengt for søking!

Søknadskode : 4303 (Volda) 4403 (Kristiansund)

Spørsmål? Kontakt oss

For spørsmål om opptak
Send e-post


Studentsørvis
Kvardagar 09.00 – 15.00

70 07 50 18

Send e-post

Kontakt