Voldastudentar fekk SKUP-diplom for Innovata-avsløring
Sakene med Innovata-avsløringane er publiserte i Næravisa som ein del av journalistutdanninga ved Høgskulen i Volda.
I Næravisa har det kome fram moment rundt finansieringa av prosjektet som ikkje ein gong politikarane kjende til, skriv nrk.no.
- Eg trur at vi får eit SKUP-diplom mellom anna fordi vi klarte å få fram sider ved planlegginga av kulturhusprosjektet som folk ikkje kjende til, seier student Peder Ottosen til nrk.no etter utdelinga på SKUP-arrangementet i Tønsberg laurdag 21. mars.
Elles var studentane Kristin Vidhammer, Eirik Røe, Anders Myklebust, Monica Sæbø og Anita Lien med på arbeidet med Innovata-sakene i Næravisa.
Gravande journalistikk i Volda
Dei seks studentane frå Høgskolen i Volda er dei første studentane som vinn ein SKUP-diplom nokon gong, skriv skup.no.
Peder Ottosen seier at han ikkje trur det er vesentleg skilnad på å arbeide med eit graveprosjekt som student eller som tilsett i ei avis.
- Vi hadde veldig gode vilkår for å arbeide med dette, sidan vi heldt på med gravejournalistikk på høgskulen. Vi lærer dei same teknikkane som andre gravande journalistar nyttar, seier Ottosen til skup.no.
- Stiftinga for ei kritisk og undersøkjande presse (SKUP) har som formål å inspirere til undersøkjande journalistikk i Norsk media. Les om SKUP
- Sjå video frå prisutdelinga på journalisten.no
- Gå til Avdeling for mediefag sitt arkiv for Næravisa og andre studentmedier. Lenka går til 2008-arkivet, der ein finn utgåva med Innovata-sakene litt ned på sida. Les meir i arkivet
- Les meir om SKUP-diplomet og sjå bilete frå utdelinga på studentane sitt Nærnett.
- Les meir på NRK sine nettsider