Karrieredagane viste veg til framtidige yrke
Om lag 700 ungdomsskuleelevar fekk lære om og teste ut forskjellige sider ved ei rekke ulike utdannings- og yrkestilbod som finst i regionen under Karrieredagane 2024.
For første gong var Volda Campus SpareBank 1 Arena staden for dei tradisjonsrike Karrieredagane onsdag og torsdag. Gjennom ein heil heile skuledag fekk avgangselevane ved ungdomsskulane i sju kommunar på søre Sunnmøre ein smakebit på kva som ventar dei i framtida.
Alle elevane skulle innom 16 ulike postar, 15 av dei representerte alle dei ulike utdanningsprogramma i vidaregåande skule, medan den siste posten synte høgare utdanning gjennom Høgskulen i Volda og Høgskolen i Molde.
– Tenk på deg sjølv
På postane møtte elevane folk frå dei vidaregåande skulane i regionen, opplæringskontor og bedrifter. Det gjorde opplevinga svært yrkesrelevant, og elevane fekk sjølve prøve ulike praktiske oppgåver.
Og nettopp det oppmoda Odd Helge Mjellem Tonheim elevane til å gjere under sin opningstale torsdag. Rektoren ved Høgskulen i Volda bad dei om å vere nysgjerrige.
– Det er eit veldig viktig val som står framfor dokker. De skal velje retning, som for mange av dokker påverkar resten av livet, på ein eller annan måte.
– Og nettopp dette er det viktigaste for deg i dag. Kva vil eg bli? Kva vil eg gå vidare på? Kva skal eg gjere dei neste tre-fire åra i livet mitt, som igjen vil påverke vegen vidare etterpå, enten det vert høgare utdanning eller direkte inn i eit yrke. Tenk ikkje berre på kva bestevenen din skal, tenk på deg sjølv, sa Tonheim til elevane.
Sjå litt av av det elevane fekk vere med på i bildekarusellen under her.
Nyfikne og engasjerte
Tonheim la også vekt på at ingenting er feil og at val kan gjerast om.
– Valet er stort for mange. Og heldigvis betyr ikkje valet du gjer fram mot 1. mars at du er låst til det yrket resten av livet. Det er lov og mogleg å byte om på det. Ein kan faktisk byte, poengterte rektoren.
Torill Engeset (bildet), rådgivar ved Høgskulen i Volda og koordinator for Karrieredagane på søre Sunnmøre, kunne tilfreds sjå at det meste gjekk for seg slik det skulle i hallen i Volda.
– Det har sett bra ut og elevane er nyfikne og engasjerte. Det er det viktigaste, slår Engeset fast.
Ho har leia arbeidet med å planlegge og få arrangementet i stand saman med partnarskapsgruppa for Karrieredagane.
– For Høgskulen i Volda er det svært viktig å vere med på å legge til rette for at elevar i ungdomsskulen får god informasjon om framtidige utdannings- og yrkesmoglegheiter. Som den største utdanningsinstitusjonen i fylket er det naturleg å bidra til eit slikt arrangement, vi ser på det som eit viktig samfunnsansvar, seier Engeset.