Kirsti Kverndokk Bjerkan har disputert ved HVO

Tekst: Steinarr Sommerset , Foto: HVO / Steinarr Sommerset

- Oppdatert

Måndag 23. september disputerte Kirsti Kverndokk Bjerkan for ph.d.-graden ved Høgskulen i Volda med avhandlinga The role of pre- and postoperative patient education a decade after bariatric surgery.

Disputasen er avsluttande del av doktorgradsstudiet Helse- og sosialfag: Profesjonsutøving – vilkår og utvikling, som blir gitt av Høgskulen i Volda og Høgskolen i Molde i fellesskap.

Kirsti Kverndokk Bjerkan har skrive den artikkelbaserte avhandlinga The role of pre- and postoperative patient education a decade after bariatric surgery. Ho heldt sjølve disputasen på norsk med tittelen «Når fagkunnskap møter levd liv. Betydningen av pasientopplæring mer enn 10 år etter fedmekirurgi».

Prøveforelesinga før disputasen hadde temaet «Ernæringsbehandling av postbariatrisk hypoglykemi» og blei halden for ein full sal med interesserte tilhøyrarar i det nyoppussa Hans Strøm-huset ved HVO.

Oppfølging av fedmeopererte

I Helse Midt-Noreg blei 930 pasientar opererte med gastrisk bypassoperasjon i tidsrommet 2004–2009. I perioden 2018–2020 blei alle desse inviterte til oppfølgingsstudien BAROBS (Baritric surgery observation study), der 546 av pasientane deltok. I avhandlinga har Kverndokk Bjerkan brukt delar av data samla inn i og etter BAROBS-studien.

Tolv år etter operasjonen hadde pasientar som deltok i gruppeoppfølging, lågare vektmål (vektnedgang, sekundærvektoppgang og kroppsmasseindeks) enn pasientane som deltok sjeldan eller aldri i gruppeoppfølging. Det var ingen forskjell i fysisk aktivitet, bruk av vitamin- og mineraltilskot eller sjølvrapportert helse.

I studien oppgav 75 prosent at dei brukte multivitamin-mineral-tilskot, 95 prosent brukte vitamin B12, og 70 prosent brukte kalsium med vitamin D-tilskot. Dei som oppgav bruk av tilskot, hadde mindre mangeltilstandar, sjølv om førekomsten også blant dei er høg.

Eit lite utval av BAROBS-deltakarane (22 pasientar) som oppgav å ha magesmerter oftare enn kvar veke, blei inviterte til ei utforskande oppfølgingsstudie nokre år seinare. Kontinuerleg glukosemåling blei testa ut som eit pedagogisk verktøy, med målsetting å utforske samanhengen mellom matinntak og symptom. Resultata var sprikande, men gav likevel pasientane ei god forståing av kva matvarer som påverka blodsukkersvingingar og symptom frå mage-tarmkanalen.

Ville utforske betydninga av pasientopplæring

I eit samfunnsmedisinsk perspektiv har det lenge vore ønskjeleg å sjå på langtidseffektar av fedmekirurgi. Pasientopplæring er ei av dei pålagde oppgåvene til sjukehusa og har til hensikt å auke pasientane sin kunnskap om eigen sjukdom, slik at dei skal fortsetje å gjere gode val for eiga helse også etter at oppfølginga frå sjukehuset er avslutta.

Kverndokk Bjerkan ønskte å utforske betydninga av pasientopplæring gjennom ulike målemetodar (etterleving av livsstilsråd, vekt og vektendring og dessutan bruk av anbefalte vitamin og mineral) hos pasientar som har gjennomført fedmekirurgi for meir enn ti år sidan.

Resultata har innverka på nordiske retningslinjer

Kirsti Kverndokk Bjerkan.
Kirsti Kverndokk Bjerkan. Foto: HVO.

Funna viser at det er behov for langtidsoppfølging av vitamin- og mineralnivå hos pasientane, og at nokre treng meir tilskot enn dei blei anbefalte den gongen dei blei opererte. Resultata frå denne studien har innverka på dei nye nordiske retningslinjene for pasientar som har gjennomført fedmekirurgi, retningslinjer som blir publiserte i desse dagar. Nye problem som magesmerter og blodsukkersvingingar kan oppstå som følgje av operasjonen, og dette føreset at personale som møter pasientgruppa, er kjende med problemstillingane.

Om doktoranden

Kirsti Kverndokk Bjerkan (49) arbeider som klinisk ernæringsfysiolog i Helse Møre og Romsdal ved Ålesund sjukehus. Ho er cand.scient. i klinisk ernæring frå Universitetet i Oslo (2001) og har vidareutdanning i kognitiv terapi, trinn 1, frå Høgskulen på Vestlandet (2011).

  • Programmet for disputasen kan du lese her (PDF-fil).

Del på