Tiltredingsførelesing om livsløpet

Tekst: Webmaster Volda

- Her er livsløpet i første fase – strålar ein nybaka professor Myklebust og kikar ned på det 2 månader gamle barnebarnet sitt som også var tilstades under tiltredingsførelesinga.

jonOlav520Blomster

Etter førelesinga var det mottaking med helsing frå kollegaer. Professor Kåre Heggen fortalde og overrekte blomar.

Når tida tel - livsløpsperspektiv i helse- og velferdsforsking, var tittelen på førelesinga, som tek utgangspunkt i livsløpsperspektivets frammarsj i samfunnsforskinga og viser spesielt kva relevans denne tilnærminga har i helse- og velferdsforsking. Men klasseperspektivet må også koplast til livsløpsteorien, ikkje minst fordi forskinga viser at framleis er det stor sosial ulikskap når det gjeld helse og velferd.

- Det var ei god forelesing med mange humoristiske innslag – artig, var kommentaren til fleire av dei nesten 100 frammøtte.

Del på