– «Skriftkultur» er gull verdt
Det sa Ingrid Løvik Saure om skriftserien der ho nett har fått sin første vitskaplege artikkel på trykk. Sjette bok i «Skriftkultur»-serien blei lansert på høgskulebiblioteket denne veka, og temaet for utgåva er språket til dei aller minste.
Sidan 2019 har den vitskaplege skriftserien Skriftkultur kome ut årleg. Kvar utgåve belyser eit nytt tema innan skriftkulturforsking og består av eit titals forskingsartiklar.
Publikasjonen er etablert av ei forskargruppe ved Høgskulen i Volda (HVO). Den rykande ferske utgåva er nr. 6 i serien og set søkjelyset på korleis barn i alderen 0–8 år utviklar språk og blir innlemma i skriftkulturen og tekstsamfunnet.
Boka blei lansert for eit interessert publikum på høgskulebiblioteket i Volda 10. desember.
Møter språk allereie i mors mage
Redaktør og HVO-professor Stig J. Helset ønskte velkomen med eit fysisk eksemplar av boka i hendene. Det avgrensa opplaget skulle vise seg å få bein å gå på etter arrangementet.
– Rundt halvparten av dei til saman 48 artiklane i skriftserien så langt er forfatta av HVO-tilsette, fortalde Helset til forsamlinga som ville få med seg lanseringa.
Helset har med seg UiB-professor Endre Brunstad som hovudredaktør for skriftserien, og i lys av årets tema har dei fått med seg HVO-førsteamanuensis Gudrun Kløve Juuhl og NLA-førsteamanuensis Liv Ingrid Aske Håberg (tidlegare HVO) som temaredaktørar.
Aske Håberg presenterte det nye temanummeret med å fortelje om korleis språkutviklinga til dei yngste byrjar mykje tidlegare enn vi gjerne trur:
– Allereie i svangerskapet kan eit barn gjennom høyrselen begynne å bli kjend med det språket barnet skal bli sosialisert inn i. Når barnet er fødd, startar språklæringa med det same. Og etter kvart som fundamentet er lagt, går utviklinga i rekordfart – det blir sagt at barn i alderen 1–6 år lærer 9–10 nye ord i gjennomsnitt kvar dag. Hjernen er som ein svamp, formidla temaredaktøren engasjert.
Dei små i det store grenselandet til skriftkulturen
Dei ni artiklane i Skriftkultur nr. 6 famnar vidt. Det handlar mellom anna om korleis barn finn plass i tekstkulturen og skriftsamfunnet gjennom naturfaglege samtalar i barnehagen. Artikkelforfattarane skriv også om songstunder, fagbildeboklesing, undrande bokstavsamtalar, rolleleik. Boka tek vidare føre seg forteljingsskriving med populærkultur- og skuleressursar, funksjonell skriveopplæring i skulen og barna sin eigen tekstproduksjon på fritida.
To av dei til saman tjue forfattarane som har bidrege i boka, fortalde meir om arbeidet sitt i ein spennande boksamtale leia av temaredaktør Aske Håberg. I «pratestolane» hadde ho fått med seg to HVO-arar.
Dei minste barna treng repetisjon
Høgskulelektor Hildegunn Hovde fortalde om artikkelen «Songsamling i barnehagen. Literacypraksis med 1–3-åringar». Temavalet grunngav ho med at faglitteraturen på barnehagelærarutdanninga i forsvinnande liten grad belyser småbarn sitt forhold til song.
– Eg føler faglitteraturen undervurderer 1–3-åringane sin kapasitet, og eg tenkte at dette vil eg gjerne forske på, med bakgrunn i lang erfaring som musikkpedagog for denne aldersgruppa.
Hovde har undersøkt songsamlingar i ein barnehage i eit nynorskområde. Ho fann mellom anna lite bruk av nynorske barnesongar og lite repetisjon av kvar enkelt barnesong, også når dei små skal lære heilt nye songar. I lys av songen som ein literacy-praksis argumenterte Hovde for at repetisjon er like viktig som når barn repeterer for å få leseflyt i leseopplæringa.
– Barnesongar er gjerne korte og ferdige før barna rekk å få bli med. Eg såg også døme på at barn fleire gonger etterlyste songen på nytt seinare i samlinga utan at han kom. Songtekstar har eit meir avansert språk enn det barna nyttar i det daglege, og repetisjon er derfor ein nøkkel her.
Hovde intervjua også dei vaksne i barnehagane om tematikken.
– Dei tilsette trekkjer fram songen sin eigenverdi, og det er veldig positivt. Det mest interessante funnet var likevel at dei trur at dei syng meir på nynorsk enn dei gjer, og at dei blandar nynorsk, bokmål og dialekt i barnesongar. Men dei får heller ikkje særleg hjelp av at rammeplanen for barnehagen er utydeleg om dette språkperspektivet.
Med forskinga ho no har gjort, og skal halde fram med, håpar Hovde å endeleg kunne slå i bordet med vitskapleg bevis på noko ho har meint og erfart i praksis: kor viktig repetisjon er i songen med dei minste barna.
Barna ser her når dei vaksne les der
Høgskulelektor Ingrid Løvik Saure fortalde om artikkelen «Kunnskapsformidling i sakprosa for barn – ein analyse av sakprosaboka Viss eg hadde hale (2019) og observasjon av høgtlesing av boka i ein barnehage».
Løvik Saure har analysert ei sakprosabok for barn og observert korleis denne blir brukt i høgtlesing i ein barnehage. Ho fortalde at sjølv om sakprosa utgjer ein stor del av bokutvalet i barnehagane, er dette lite forska på innan det barnelitterære feltet, samtidig som barn blir mindre lesne for i dag enn tidlegare.
Eit av funna hennar i artikkelen er at barna som lyttar, og vaksne som les, fort kan konsentrere seg om ulike boksider under høgtlesinga, noko som skaper mindre læring og samhandling.
– Pedagogen les gjerne slik vi les, frå øvst til venstre og mot høgre, mens ungane ikkje nødvendigvis er sosialiserte til å følgje med på denne måten. Om poenget er kunnskapsformidling, som er viktig i sakprosa, er det kanskje dumt at boksidene konkurrerer mot kvarandre. Då får ein også færre situasjonar der ein kan prate om innhaldet i lag, fordi fokuset er på forskjellige plassar.
Artikkeldebutanten Løvik Saure såg ein stor verdi i å ha Skriftkultur som tilgjengeleg plattform når ein skal kome i gang med å publisere vitskapleg:
– Prosessen har vore arbeidskrevjande, men særs givande. Eg er veldig glad og takknemleg for å ha fått skrive i Skriftkultur. Det er noko med å kunne ha redaktørane lett tilgjengeleg for spørsmål og hjelp. Skriftkultur er gull verdt for nye forskarar ved høgskulen, slike som meg, som forhåpentlegvis skal i gang med mykje forsking vidare.