Sosionomstudentar i gruppesamtalar med niandeklassingar

- Dette er ein ganske tøff, men realistisk smakebit på sosialt arbeid med ungdom, kommenterer sosionomstudent Oddvar Rieve (27). Denne veka har studentane hatt gruppesamtalar med over hundre niandeklassingar om spørsmål som ikkje alltid er så populært å prate med andre vaksne om, til dømes alkohol, narkotika og tobakk.

- Eg må balansere meg emosjonelt i møte med svært ulike typar ungdom, held Oddvar fram. Ein kan møta elevar som gjerne vil snakke om alt mulig, eller elevar som ikkje vil dele noko, fortel han.

- Eg trur dette er ei svært viktig førebuing til vi skal ut i arbeidslivet.

andestad-og-student

- Studentane vert godt briefa både før og etter ein gruppesamtale - det ein ein viktig del av evalueringa, forklarar Tor Andestad (t.h.) Sosionomstudent Oddvar Rieve til venstre.
(last opp bilete i høgoppløyseleg kvalitet)


Ungdom om rus
- Målet er å setje lys på ungdomsskuleelevane sine haldningar om rus – eit viktig felt for sosionomstudentane, forklarar Tor Andestad. Han er gjesteforelesar for studentane ved Høgskulen i Volda, og har gjort undersøkingar av ungdomar sine haldningar og bruken av rusmiddel.
- Prosjektet i Volda trur eg er unikt i heile landet. Andestad er tilsett i Molde kommune, men har gjort undersøkingar om ungdom og rus i store delar av landet.
- Her får studentar lære gruppesamspel, leiing i gruppa og evna til å skape eit rom der ungdomsskuleelevar kan opne seg om spørsmål og førestillingar dei treng å få lufta.

Opne opp for dei vanskelege spørsmåla
- Elevane i ungdomsskulen har ANT på timeplanen, det vil seie tema rundt haldningar, bruk og førestillingar om alkohol, narkotika og tobakk, fortel høgskulelærar Birger Inge Jacobsen ved Høgskulen i Volda, som tok initiativ til eit samarbeid mellom Volda ungdomskule og bachelorutdanninga i sosialt arbeid ved Høgskulen i Volda.
- Haldningsskapande arbeid er viktig i ungdomsskulen, og no får framtidige sosialarbeidarar førstehandskjennskap til
- Sosionomstudentane har gruppesamtalar med ungdomsskuleelevar i grupper på tre studentar og seks elevar. Studentane er budde på metodar for å skape ei trygg og god kontakt der ein klarar å opne for samtale om ofte vanskelege, personlege spørsmål.

Rapport om niandeklassingane i Volda
- Temaa som vert tekne opp vert omtala i lys av undersøkingar om niandeklassingar i Volda. Tor Andestad har skrive ein direkte rapport til niandeklassingane der nettopp deira haldningar og bruk av rus mellom ungdom i Volda gjer samtalen konkret og handfast både for studentar og elevar.

tre-jente

- Det var spennande å få nokre dagar her ved Høgskulen, sa tre av niandeklassingane, Kamilla, Marte og Elisabeth, etter ANT-opplegget siste veka.

Studentane lytta
- Studentane var kjempeflinke – og det er eigentlig ganske greitt å prate med dei, seier niandeklassingane Kamilla, Marte og Elisabeth etter gruppesamtalane.

- Vi har hatt tre sesjonar denne veka, og følte vel at studentane lytta til det vi hadde å fortelje.
- Det er litt enklare å prate med studentar enn andre vaksne, avslutta dei.

Flott involvering med ungdomsskulen
- Ungdomsskulen har vore ein god samarbeidspart, avsluttar også Tor Andestad.

- Vi har hatt foreldremøte der også dei føresette har fått presentert rapporten om elevane og det opplegget vi har følgt denne veka. I tillegg har ungdomsskulen vist både tillit og profesjonalitet i samarbeidet.

Les meir om Bachelorgraden i Sosialt arbeid og dei andre studietilboda på Institutt for sosialfag

Del på: