Salmeseminar, jazzmesse og salmemesse

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Den nye salmen – frå Olaf Hillestad til neste samlebok

Fredag 9. september kl. 19.30:

Jazzmesse i Ørsta kyrkje etter Olaf Hillestad.

Med Jostein Enger, Erik Hillestad, Sindre Eide, ei jazzgruppe.

Søndag 11. september kl 11.00

Salmemesse i Volda kyrkje.

Med Svein Kvamsdal, Sindre Eide, Ole Karsten Sunnliseter, kyrkjekoret.

Påmelding til salmeseminaret

til studiekonsulent Brigt Ove Vaage, Høgskulen i Volda.

Tlf 70 07 52 07, epost [email protected].

Seminaravgift 250 kroner (inkludert middag med kaffi)

Kan settast inn på konto:76940500741, merk med SalmeRLK

Les også meir på

Program laurdag:

11.30

Opning av seminaret

Hillestad-salme. Jazzgruppe frå Ørsta

12.00

Erik Hillestad: Frå gudstenesteeksperiment til kyrkjeleg kultursong

13.00

Sindre Eide: Fornying over alle grenser

14.00

Syngetid: nye salmar

14.30

Den nye salmen. Mot ei ny salmebok.

Panelsamtale med Sindre Eide, Erik Hillestad og Jan Inge Sørbø.

Intro ved Jan Inge Sørbø: Tendensar i nyare norsk salmedikting

Leiing ved Jan Ove Ulstein

16.00

Middag i kantina

Foredragshaldarane:

Erik Hillestad

Dagleg leiar av Kirkelig Kulturverksted. Han har skrive ei rekke songtekster, og salmar.

Sindre Eide

Rådgivar i IKO. Han har omsett og skrive ei rekke songar og salmar.

Jan Inge Sørbø

Professor ved Ivar Aasen-instituttet. Han har også skrive salmar.

Den nye salmeboka
I desse dagar blir det arbeidd med ny salmebok. Det er ikkje lenge sidan Den norske kyrkja fekk si hovudsalmebok (1984) og eit supplement i Salmer 97. Andre kyrkjesamfunn og kristelege organisasjonar fornyar også sine bøker til forsamlingssong.

Fornyinga av forsamlingssongen skjedde like mykje på bedehuset og i dei frikyrkjelge forsamlingane som i Den norske kyrkja. Ein grunn kan vere at gudstenestesalmen var strengt definert, hadde mykje tradisjonelt melodistoff, og det var lite fornying i salmeskrivinga. Det tok til å skje då Olaf Hillestad drog ny musikk og nye rytmer inn i (ungdoms)gudstenesta på 60-talet. Det er gudstenestefornying som inspirerer til ny song! Eit samarbeid mellom kyrkjelydane i Ørsta og Volda, mellom Y’s Men frå same distrikt, og Høgskulen i Volda har resultert i ei heil salmehelg, med start fredag i Ørsta kyrkje med ei jazzmesse slik det skjedde i Bergen i Slettebakken kyrkje 40 år før, salmeseminar på laurdag og salmemesse i Volda kyrkje på søndag..

Vi startar hos Olaf Hillestad også i dette seminaret, ved å la son til Olaf, Erik, halde foredrag om dei impulsar Hillestad sette i gang. Forum Experimentale og Kirkelig Kulturverksted er slike framhald.

Ten Sing-rørsla har også fungert som ei fornying innan ung kyrkjesong. Sindre Eide førde ei periode på tidleg 70-tal den inn i kyrkjeromet. Han har seinare vore engasjert i gudstenestefornying, og ikkje minst for å hente heim salmar og songar frå andre kyrkjer, seinast med Syng håp, ei samling salmar og songar frå verdskyrkja. Han skal halde føredrag om fornyinga av salmen ”utover alle grenser”. Han instruerer oss også i ein del nye songar.

Til slutt blir det ein panelsamtale om den nye salmen. Der blir Sindre Eide med, han var voterande sekretær for Salmer 97. Erik Hillestad er med i den nye salmebokkomitéen. Det er også Jan Inge Sørbø. Han innleier om tendensar i nyare norsk salmedikting.

Vel møtt!

Del på