Prosjektet ”Nærbutikkens rolle i lokalsamfunnet” ved Møreforsking

Prosjektet ”Nærbutikkens rolle i lokalsamfunnet” er gjennomført på oppdrag frå Merkantilt kompetanseprogram for utkantbutikkane i regionane (Merkur). Gjennom prosjektet har Møreforsking sett på den rolla nærbutikken har for utviklinga i små samfunn. Studien viser at samspelet mellom butikken, nasjonale aktørar, kommunen og lokalsamfunnet er viktig dersom desse butikkane skal fylle ei rolle som lokal utviklingsaktør.

Prosjektet er presentert gjennom rapportar og fleire aviskronikkar. Rapporten Små butikkar, store utfordingar – nærbutikken som utviklingsaktør i små samfunn. (Last ned pdf.)  

I tillegg er det utarbeidd eit eige notat med tittelen Regionaløkonomisk blikk på utkantbutikkar. (Last ned pdf.)

Tre kronikkar er presenterte med utgangspunkt i arbeidet som er gjennomført. Desse er trykte i Sunnmørsposten, Nationen og Kommunal rapport og er tilgjenglege på følgjande adresser:

Nærbutikkens tragedie?

http://www3.smp.no/template.asp?page=1035,1047&item=1455928,1&lang=1

http://www.nationen.no/meninger/Kronikk/article3427351.ece

Butikken som bygdeutviklar

http://www3.smp.no/template.asp?page=1035,1047&item=1462693,1&lang=1

http://www.kommunal-rapport.no/index.gan?id=11188840&subid=0

Merkur – ein gud for nærbutikken?

http://www3.smp.no/template.asp?page=1035,1047&item=1456543,1&lang=1

http://www.nationen.no/meninger/Kronikk/article3438709.ece

Forskarane Finn Ove Båtevik (prosjektleiar), Lars Julius Halvorsen og Unni Aarflot ved Møreforsking Volda og førstelektor Inge Dyrhol, Høgskulen i Volda/Møreforsking Volda har stått for gjennomføringa av prosjektet. I tillegg har forskar Geir Tangen og assistent Cecilie Rørstad medverka til datainnsamlinga.

Del på: