Planlegging for helsefremmande samfunn

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

24074dd3d4db6f171cd689e55afc1e86

Det er eit samlingsbasert studium (30 studiepoeng) på masternivå over eitt år som startar opp i haustsemesteret.

Hovudtemaa i studiet er:

  •    Overordna perspektiv og omgrep knytte til planlegging, samfunnsutvikling og helse
  •    Lov, plan og helse
  •    Alle skal med - planlegging som reiskap for samordning, samhandling og samforståing
  •    Innovasjon og utviklingsarbeid. Frå kunnskap til handling.

Studiet vert gjennomført i samarbeid mellom Høgskulen i Volda, som fagansvarleg, og Kommunesektorens organisasjon (KS). Høgskulen i Volda er ein av fire utdanningsinstitusjonar som tilbyr emnet. Helsedirektoratet tok initiativ til studiet og finansierer det. Opphaldsutgiftene i samband med samlingane vert dekte av KS.

Studiet kan inngå som valfritt emne i mastergraden Samfunnsplanlegging og leiing eller i mastegraden Helse og sosialfag – meistring og myndiggjering. Opptakskravet er 180 studiepoeng høgare utdanning/bachelorgrad.

I alt har fire kull gjennomført studiet ved Høgskulen i Volda, og til hausten går ein i gang med det femte. Studieåret 2016 – 2017 skal samlingane vere på hotell i Ålesund.

– Biletet øvst i saka viser årets studentar, på den fjerde og siste samlinga. Det som står att for denne gjengen, er å skrive ei prosjektoppgåve og gjennomføre heimeeksamen, seier fagansvarleg, dosent Randi Bergem ved Institutt for planlegging, administrasjon og skuleretta samfunnsfag.

Under finn du meir informasjon og kan søke opptak til Helse og omsorg i plan:

https://studietilbod.hivolda.no/nn/program/hop

Her finn du også meir informasjon:

http://www.ks.no/fagomrader/samfunn-og-demokrati/helse-og-omsorg-i-plan/gratis-delmaster---utdanning-i-kommune--og-samfunnsplanlegging-2016---2017/

Søknadsfristen er 30. mai 2016, men det er mogleg å søke og få opptak etter fristen, så lenge det er ledige studieplassar.

Del på